- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
36

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

36

og Astrid hadde fått liket ut i kleven (eit lite
kammers jamsides stugu). Her låg Bjørn med åpne,
brostne augo. Synet tok Einar so sterkt at han
gjekk og jamra og bar seg for faren, som han
trudde ikkje hadde funne fred i døden.

Astrid gjekk ogso att og fram i stugun og
jamra og barma seg um natti. Ho hadde slege alle
vindaugo og dørar på vid vegg, men ho totte det
var so varmt og kvalmt inne, og endå det brann
fleire talglys og låg stort eldsmæle på peisen, totte
ho det var mørkt i stugun.

Bjørn vart gravlagd og feiden enda.

Andre fortel desse hendingane noko annleis. Bjørn
si dødsstund skulde ikkje ha kome so brått på.
Ei tid etter hendingane på tinget skulde han
etter råd av Astrid, ha lagt seg sjuk og sendt
bod etter presten. Då so presten kom, skulde Bjørn
ha fare upp or sengi og vilja stunge ned presten
med kniv, men presten slo kniven or handi hans
med spaserstokken. På dødslæje skal Bjørn ha teke
den lovnaden av sonen sin, at han skulde hemna
honom på presten.

Elles er fortelnadene like.

«Hr. Ole», vart presten kalla til vanleg, og blir
kalla slik enno. Det fulle namnet hans var Ole
Matssøn Engelstrup.

Hr. Ole var sterkare enn nokon annan mann i
heile dalen på dei tider, og dersom det gjaldt so
røynde han ogso styrken sin. Men til vanleg var
han mild og stille av seg, når alt gjekk etter ynskje.
Han var ein mykje umtala og sers avhalden preste-
mann. Han var ogso ein djupt kristeleg mann. Han
fekk slutt på mange gamle seremoniar ved gudste-
nesta, som bøndane i Hallingdal hadde hange ved
sea katolsk tid.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free