- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
52

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

52

på sumaren. Kristi stirde rundt ikring seg, men
kvinna og den skimlute gampen var ikkje å sjå
nokon stad.
Ein gong var Kristi og vesle Knut — bror hen-
nar, uppe i lien ovanfor Verpo og pela bær. Då
visste dei ikkje ordet av før det ropte: «Kristi!»
høgt og tydeleg. Borni stirde rundt ikring seg, men
såg ikkje eit levandes menneskje nokon stad.
Ein gong kom det ei fatigkjærring på Verpe-
langstølen uppe i høgfjellet. Det var skodde i fjel-
let denne dagen og for å vera visse for at kjærringi

ikkje skulde gå seg burt, fylgde Kristi og ein liten

bror hennar og synte henne på rett leid til næraste
støl. Best som dei gjekk fekk dei alle tri høyre slik
ynk og jamring burte i ein haug.

Borni vart redde, men fatigkjæringi sa: «Ver

ikkje redde, borni mine. Det er berre ei haugakjæ-

ring som har barsel».

Ein annan gong var Kristi og Knut bror hennar
på heimstølen, nede på Fekjo. Ho var so vidt slup-
pen fram for presten, og Knut, som inkje var reiug
på skulen, var gjætslegut.

Um kvelden stengde dei døri traust og forsvar-
leg, før dei la seg i einaste sengi der i stølsbui.
Kristi la seg fremst og guten upp ved veggen —
det var slik ei veggfast seng, som dei jamt bruka
i gamal tid.

Ut på natti vakna Kristi av di det var so trong-
vørt i sengi, elles var det støtt godt rom millom
henne og broren.

I ørska kjende ho seg fyre med hendane og tykkte
det låg eit stort menneskje upp i myljo (millom
henne og broren) og dette var heilt upp lode. Ho
illskreik og för upp or sengi. Då rikta det i hurdi.
Men ho fornam ingen ting. Vesle Knut vekra seg
og trudde fyrst det var månen som hadde deisa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free