- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
55

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

55

att heime og tok mot brudlaupslyden. Med det same
brudeferdi svinga inn på tunet vart det løyst eit
skot, so gjekk kjøkmeistaren rundt og skjenkte alle
varmt øl med brennevin i. Og so tok fyretalsman-
nen og kjøkmeistaren til å tinge og prute. Fyre-
talsmannen bad um herberge for brudlaupslyden,
men kjøkmeistaren kom med innvendingar — det
var for trongvørt på garden, det kom for mange
gjester, ein kunde ikkje vita kva for slag folk dette
var o. s. b. Mangt anna vart ogso sagt, og dersom
båe hadde kjeften på skafte, kunde det bli både
morosamt og langvarugt, so brudlaupslyden tok til
å fryse, dersom det var vinters dag. Endeleg gav
kjøkmeistaren etter, gav lyden husvære og song
dette verset:

«Velsignet være du av Herren din Gud,
for din store skjænk og ære,

imens du er så sildig ud”

hos os at herbergere.

Thi stalden er rede for dine kamel,

og plads for folket er skikket vel,

slet intet eder skal feile».

Kjøkmeistaren leidde so bruri, mor hennar og
brudgomen burt til høgsætet, og gjestene fylgde
etter til bords.

Då alle hadde ete og drukke so dei var nøgde,
men før dei tok til med dansen, skulde brudegjen-
tone sjå til å lure til seg eller stela ein eller båe
skorne til bruri og so få på henne laddar eller anna
retteleg løgje fotty. Då ho so kom fram på dansar-
golvet, vart det moro kan ein vita.

Men so var det brudeseveinane si uppgåve å passe
på bruri, so brudegjentone ikkje fekk tak i skorne.
Jamt var brudesveinane so fyretenkte at dei hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free