- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
56

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

56

med eit par skor i lumma, på varastyre, som bruri
fekk på seg i staden for dei stolne, og då hadde
brudegjentone ikkje noko for bryet.

Dansen tok til med at brudgomen dansa med
bruri, der etter dansa brudemennene med henne, so
brudesveinane og sea alle karane etter tur. Det
vart dansa halling og springdans. Ingen måtte
svinge over hovudet eller brudesylvet til bruri, for
dette førde til ulukka.

Brudekruna var tung, difor vart det spela berre
støe danseslåttar so lenge bruri var på dansargol-
vet. Då alle karane hadde dansa med bruri, dansa
brudekonone henne av golvet og fylgde henne i
kleven. So snart ein var kvitt bruri på dansargol-
vet kom ungdomen i hui og hast fram på golvet og
dansa mest heile natti.

Då bruri dansa gav alle andre spelepeng” som dei
smetta ned i fela.

Andre brudlaupsdagen var bruri kledd som kone.
Fyrst skulde brur og brudgom skjenkja alle gjestene
ein brennevinsdram. Dei skjenkte um kapp, den som
vart fyrst ferdig, skulde seinare i livet bli snøggast
ferdig med arbeidet sitt. Når dette var frå-seg-gjort
skulde bruri duka på bordet. Ho sette seg i høgsæ-
tet, tok bordduken, bretta han i ein trikant, las
Fadervår stille, for seg sjølv, og la duken varsamt
på bordet, rista ho han mykje fekk ho store sorger.
No gjekk heile brudefylgje til kokehuset og henta
maten. Spelemennane gjekk fyre, so kom brudgo-
men med eit fat, der etter bruri, brudemenn og
brudekonor, brudesveinar og brudegjentor — kvar
med sitt fat, so langt det rakk.

Då alle var sessa til bords, vart det sett skåler
fram på bordet og i desse skålene la gjestene brude-
gåvor, pengar. Dette kalla dei skjenkelag. Dette å
gi i skåli — skjenkelag — var den av dei gamle skik-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free