- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
58

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

kjøpte for so mykje som 8 skilling, kjøpte han for
1 ort spurdest det over heile bygdi, kjøpte ein for 1
dalar gjekk det stort ord og ry um det over mange
bygder, og kjøpte ein noko til gards for ein tjue-
tredve dalar, var ein trast kjend over både land og
rikje. Fatigfolk vart mesta øre i hovudet av so
store tidender.

Ein gong hadde det vore uår fleire år på rad og
det var stor naud på nokon-kvar gard i dalane. På
Kvareteig i Nesgjeld hadde dei heller ikkje meir
gamalt korn på stabburet, det var — ogso der —
borkebrød og svolt.

Ein dag kom det eit taterfylgje til Kvareteig.
Tatrane vilde gjerne ha tak i born i dei tider, og slo
stort på for kona um kor gildt og godt dei levde.
Tatrane diska upp med brød og graut, kakor og
suppe i lange baner, berre for å få tak i småguten
på garden. Kona tok til å tenkja på at her var det
ein utveg for den kjære vesle guten hennar til å
få det godt. Ho tala med mannen sin um dette, og
slutten vart den at guten vert med tatarne då
dei för.

So liten guten enn var og so lite han forstod,
hadde han ikkje fylgt taterpakket gjenom mange
bygdar før han skyna, det vart lite med brød og
graut, men so mykje meir vondt å lide og gale å
læra.

Ein dag kom dei inn på ein lensmannsgard. Her
fekk guten graut og mjølk og åt for ein gong skuld
retteleg godt. Han kom i hug far og mor og heimen
på Kvareteig. Det var so grøteleg vondt å farte
slik millom framande og ukjende, han var berre
som eit krøter — berre det kunde hangle liv i han
og han kunde vera til nytte, var alt det same for
dei, såg det ut for. Lensmannskona såg so sod ut,
det var som han fekk ei von um å få hjelp hjå

ke

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free