- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
59

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

59
henne — han tukka seg burt til kneet hennar då
ho sat ved rokken og spann, og so fortalde han
henne so godt han kunde kor han var frå og korleis
han var komen so langt burt frå far og mor.

Den hjartans gode lensmannskona hadde so
indereg vondt åv guten, tok han til seg og let han
få både mat og drikke, kristeleg upplæring og til-
syn på beste vis, plent som det skulde ha vore
hennar eigen gut. Taterfylgje vilde naudleg ha
missa ”n og både tagg og bad um å få han med seg
att. Taterkjæringi lokka med eit land som ikkje låg
so langt burte og der vadde folk i graut med smør-
augo so store som kyrmular heilt til knes, og endå
fekk ein eta flatbrød til og drikke gjeitemjølksvil-
ling so fersk som ’n kom or juret. Men lensmanns-
kona ropte på mannen sin, og då kan ein nok veta
taterfylgjet vart ikkje lenge der i garden.

Kvareteigguten vart no verande hjå lensmanns-
folket til han var vaksen, og der fekk han både
brød og graut so han vart både stor og sterk. Det
er eit gamalt ord som segjer at «makti ligg i graut-
fatet». Det er kornkrafti som gjev makt og styrke,
og den som ikkje blir uppalen på graut får sjeldan
retteleg merg i beini.

Då guten var vaksen og lensmannsfolket døde,
reiste han heim til Kvareteig, som han ikkje hadde
gløymt. Han hadde nok svolte der som barn, men
han var verna um med kjærlege hender, og dette
er ikkje klene minne endå um tilværet eller kunde
vera skralt nok.

Då Kvareteigguten kom heim att var mor hans
død — ho som hadde gjevi han burt for å berga
han, medan ho sjølv svalt og gret. Garden var seld
til framande og gamle far hans berga livet so godt
han kunde med hardt arbeid.

Lensmannskona hadde late guten gå i skreddar-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free