- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
78

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

elvi still og blank som før. Det vart eit svare ståk
og redsle og dei fleste såg ingen utveg til å få berga
bruri.

Då rengde ein staut ung mann dei tyngste klædi
av seg, heiv dei frå seg og stupte seg i elvi, dukka
og kom upp att med bruri, som han heldt i den eine
handi. I den andre handi hadde han gyrme, som
han heiv på brudefylgjet som stod der og kopte.
Han vilde syne at han hadde vore til botnar. Fyrst
å drikke so dei kom frå samling og vet, so velte
båten og spille menneskjeliv og endeleg stå der råd-
ville og motlause, var ikkje norske menns ferd,
meinte han. Han kunde ikkje symja, men våga då
livet sitt og vann ogso å få bruri attende til livet.

TIL DEN VENASTE GJENTA I HALLINGDAL

Henrik Wergeland har skrivi (på hallingmål)
denne songen til den venaste gjenta i Hallingdal.
Han er å finne i «Langeleiken» hans — &in krans
av dikt i dølemål. Wergeland reiste gjenom Hal-
lingdal ein gong. Han var t. d. på Selsberget, det
storslegne utsynsreset i Ål. Det står i eitt vers:
«frå Nes til Gol. Dette er visseleg ein skrivefeil
for «frå Nes til Hol» — «frå Flå til Hol» skulde
det eigentleg stå. Songen går på tonen: «Marki
grønas, snjoen brånar».

Nebnast skal tå me ho inkji, ho som prisen bera skal
So dess fleire vene augo glema kan i Hallingdal.

Å dess fleire fagre kjaka raune kan som ros i sol,
for det er nok mange slike i frå Nes og alt til Gol.

Å kor finst den vene gjente som trur inkje um seg sjøl
at ho gjevast æ tå alle liksom gull imyljo sylv,

liksom bjørkji myljo græno, at dæ æ umogele

nokon an” meint kan vera når dæ talast so tå me.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free