- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
81

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

81

de seg fram for eldsmæle. «Eg har fare både land
og strand Noreg rundt, og ingen har vunne på meg,
So no rører du meg ikkje, du heller — Fante-Per !»
sa han til uvenen sin og ingen torde røre han.

Ein av sønene hans Møkjal heitte Herbrand.
Han var sterk og før som faren og åtte mykje
jordegods både heime i bygdi og til fjells.

Eyvind Medhus, som budde lenger nord i Hole,
kom ein dag ridande til Solheim og vilde jaga Her-
brand frå garden. Det var styrkjen som gjaldt i
dei dagar. Elles brukte båe desse karane kniven.
«Pass kjæringi di, ho uveta», sa Øyvind. «Pass deg
sjøl du og statt som ein kar!» svara Herbrand.
Slagsmålet enda med det at Øyvind måtte på dør.
Då han kom ut heiv han seg straks upp i ridesalen
og sa: «Ja, når du er slik kar, Øyvind, skal me vera
vener». Og vener vart dei ogso, der etter dags.

Sonen hans Herbrand heitte Møkjal, etter god-
faren. Han var den fyrste på desse traktir som
tok til med tamd rein. Og reinsdyrdrifti tok knek-
ken på ”n, som seinare skal bli fortald. Han leigde
finnar til reingjætarar. Ein av desse gjætarane
drukna der uppe i fjelli. Kona han let etter seg og
dotter deira vilde so reise heim til gamle traktir
på Røroskanten. Ein gong var desse tvo kvinnone
innom hjå soknepresten på Ål. Presten spurde den
unge gjenta um ho kunde «gjera åt».

Gjenta sette tvo knivar i veggen og tok til å
mjølke desse knivane. Då ho hadde mjølka både
lenge og vel, med” presten stod såg på, sa ho: «No
står dei det ikkje stort lenger». Og slik var det:
Då presten kom i fjøset streid tvo kyr med dauen.
Men for trolldomskunstine kom båe finnekvinnone
i straff — gjenta og mor hennar, som hadde lært
frå seg trolldomen.

6 — Hallingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free