- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
130

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1380

breidt i fleire dagar før ein fann liket hennar og
fekk bore det heim til Älton.

Sorenskrivaren sjøl kom der for å halde forhøyr.
Alle folk i grendi var stemd til å møte og alle skulde
gå fram og taka på det store såret liket hadde i
bringa. Då Aslak Brøto kom fram skalv han slik
at han ikkje trefte på såret. «Det ser ut som du
har vore der før, du», sa sorenskrivaren. Då stod
han til. Det vart slaveri på livstid.

Fyrr dette kom på, var Aslak trulova med ei
gjente, som var so glad i han at ho vilde ha han
trass i hans harde og bråe sinneslag. Og ho gav
ikkje upp no heller — ho gjekk til fots til kongen i
Kjøpenhamn og bad um nåde for Aslak. Gjenta
var ung og ven og tala godt for seg, og kongen
gjekk med på at Aslak vart sett på frifot. Og so
gifta han seg med denne gjenta og dei budde på
Brøto til sin døyand dag. Det gode hjartelaget til
kona gjorde eit betre menneskje av Aslak. Staden
der Guri vart drepen heiter Vesle-Gurilii den dag
i dag.

DRAKEHOLET

Uppe i Hestejuvnatten, ovanfor Buøyn ved Krø-
derfjorden, er det eit stort hol innigjenom fjellet.

- Her budde det ein fæl drake i gamle dagar og difor

kallast det Drakeholet.
Stundom såg folk draken flyge tungt og svart
over Krøderfjorden frå Drakeholet og til Bukollen

— ovanfor Sørbygdi. Her var drakjen eit bel, men

når det so leid på kveld og vart mørkt, høyrde folk
kringum Krøderfjorden atter vengjeslag uppe i
lufti. Det var draken som med sine sterke vengjer
rodde attende til Drakeholet.

Det var ei ålmenn tru at draken låg på mykje

sylv og gull her i Drakeholet. No har draken ikkje

ri

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free