Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
129
JOLEGJESTINE I MÆLABRØTA
Ein jolekveld kom det ei stor ferd jolegjestir av
haugafolk til garden Mælabrøta i Flå. Stusgu vart
stapp full. Ei haugakjæring fortalde at dei budde
I Tjyrunatten — ein nut ovanfor garden Rime.
Mælabrøtfolket hadde nyleg havt skreddar i huset.
«Det vart vadmål nok, eg fekk noko av avleivone
— sjå her har eg det i stakken min», sa hauga-
kjæringi. Og det var sant: det var plent same slag
vådmål i stakken hennar som i veven på Mælabrø-
ta. Sjølvefolki og huslyden rymde no huset og
stengde døri forsvarleg. Haugafolki måtte då ut
gjenom eit trongt lite vindauga uppe på hjallen,
og det peip fælt i dei då dei laut krympe seg saman
og koma ut den vegen.
ASLAK BRØTO OG VESLE-GURI ÅLTON
Millom grannane — folki på Älton og Brøto i
Børtnesøygardane var det ei gamal, innbeitt ætte-
strid. Fitt eller anna hadde dei å kjevlast um so
langt året var.
Aslak — husbonden på Brøto, hadde elles slikt
eit kavsinne, at han let det ikkje vera med berre
skjenn, han skamslo både folk og krøter frå Älton
so ofte han fekk høve til det.
En vårdag då ei av døtterne på Älton — Vesle-
Guri skulde til støls, la Aslak Brøto seg på lur for
henne ved stølsvegen uppe i skogen og reis upp og
skaut henne med det same ho skulde framum der.
Ho datt for skotet, men for å vera heilt viss um at
han hadde gjort det av med henne drog Aslak upp
tolekniven og stakk i bringa hennar, so drog han
liket or vegen og tekte det med gøranbar.
Det vart leita etter Vesle-Guri både vidt og
9 — Hallingdal og Hallingen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>