- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
152

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

152

temoen, der gutane var sers store og føre karar
og ville slåstkjempor.

Når dei var inne til måls i slåttonni hadde dei
kårane sine liggjande uppe på stugutaket, og der-
som det såg likt ut til å bli regn, sprang dei ut og
svinga med kårane upp mot skyine. — Han kunde
berre koma med regn!

Ein av desse Mo-karane bar på agg til Rygg-
kjempa. Ein gong för han med heltydno si til Rygg
og hogde i hel 5 av kyrne hans Ola Rygg. Ola för
straks til tinget på Leksvol og gav inn klage på
dette. Dette hadde so Slettemokjempa fått vismun
um, og då Ola Rygg kom attende frå tinget hadde
Mo-kjempa lagt seg på veg for han ved Trageton.
«No æ han Ola Rygg på tingi og forklaga meg, men
han skal somne før han kjem heim», sa han til folki
her. Dette stod Ola Rygg utanfor glaset og lydde
på. Rett som det var fekk Mokjempa auga på han
og la på dør. Ola reiv med det same vindaugskod-
dane frå veggen og heldt over seg då Mo-kjempa
hogg til med heltydno, og han ikkje berre varde
seg, men fekk trust Mo-kjempa under seg og fekk
gjeve han eit slag so han lågg på marki so lang
han var og blodet berre fossa av han.

Ola Rygg för no attende til tingstaden i eit ofse-
leg sinne. Han var bleik då han steig fram til ting-
bordet. «Jeg tror du har dræbt ham NU», segjer
sorenskrivaren. «Nei, men e har skadd ”n stygt»,
svara Ola Rygg og fortalde korleis alt var gjenge
for seg. «Ja, om du så hadde dræbt ham nu, skulde
han have fået ligge på sine gjerninger som en
hund», sa sorenskrivaren.

Dette var um våren. Ut på haustparten heldt Ola
Rygg på å staure lo ute på ein åker, og rett som det
er ser han Mo- -kjempa står tett attmed seg og
sikta på seg med ei børse. Ola skynar at her er det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free