Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
166
Skogen etter eit lass granbar. På heimvegen køyrde
han over ein høl, her datt øksi hans av skaftet, og
då ei ulykke sjeldan kjem åleine, råka det so meint,
at øksi datt ned i det einaste vesle runde hol som
fanst i isen — elles var han so sterk som fjell.
Ja, han fekk no fint lata øksi liggja der, og rei-
ste heim med so gjort. Ein vakker solskinsdag
sumaren etter fekk Tors-son det innfall at han
skulde upp til denne hølen og prøve fisken.
Som tenkt, so gjort, og då han kom upp til Hølen
gjekk han burtmed landet der øksi skulde vera —
og ganske rettig, han vart trast våre øksi nede på
botnen. Han slengde ut i og måta det: slik at strau-
men tok vøen, so denne rak nedetter just der øksi
låg, og slik at kroken gjekk igjenom økseauga. No
gjaldt det um å få ein fisk til å ta kroken med
den digre agnmakken, og han hadde ikkje før tenkt
tanken til endes so beit det på ein forleggjande
stor aure! Tors-son slo upp so brennfort og so kraf-
tig at snøret rauk og fisken og øksi för mot ein
storfugl uppe i ein grantopp, so fuglen daua og
dratta ned saman med fisken og øksi, beint i hovu-
det på ein hare som kom i fullt sprang og ha vijja
framum der. No vart Tors-son so glad for alt dette,
at han klappa i hendane, og klappa i hel ein flokk
hjerpar som flaug framun i det sama.
Bergmål — «ekko».
Vø — fiskesnøre.
EILEV UDDEN
Det er ikkje so lenge sea Eilev Udden i Nesgjeld
levde. Han var slik ein lettliva fyr, og jamt fann
han på noko aparte anten det gjaldt ålvor eller
skjemt.
So var det ein annan mann der i prestegjeldet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>