- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
177

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ter

då Heggset’n gjekk att og hadde veksla, men trast
han var komen utum døri var ogso pengesetelen
snupt burte.

«Nora fjellet» skulde han ein gong lære ein lær-
døl å kverve synet. Lærdølen hadde lagt fleire slags
pengesetlar på bordet, kvite, blå, gule, grøne, raue,
for det var med desse dei skulde øva seg, må vita.
Heggset’n var snøgg i vendingi, bles snus i augo
nå lærdølen, sopte alle pengesetlane saman og stap-
sa i lumma og la på dør. Lærdølen trudde dette
køyrde med til kunstine og fann seg i det. Han
torde heller ikkje leggja seg ut med Heggset’n,
for det gjekk stort ord um kunstine hans.

Alt medan Kitel var liten og gjekk i kjole, sat
han og preka koparskillingar or peislaet, men ingen
andre såg nokon skillingar der.

JOLESKRELII I HEMSEDAL

Joleskreii — (Asgardsreii) för ogso gjenom
Hemsedal i gamal tid. Ferdafolki hadde tilhelde sitt
i Eldrehaugen — ein jordbank på grenseskilet mil-

lom Buskerud og Nordre Bergenhus amt.

Jolenatti klokka 12 kom skreii farande ned i
Hemsedalbygdi og var innum på alle gardar og
smaka på maten og joleølet. Mannen på Flaten i
Lio sette endå, for berre 30 år attende, fram ein
bete fisk, ein halv potet og ein lefsebete på ein
borddisk, etter dei sjølve i huset hadde halde kveld-
verd joleftan, so skreii kunde finne noko levemåte
då ho kom. Men um morgonen var maten like heil
og urørd — skreii hadde no ikkje fare lang vegen
— dei var vel ikkje svoltne endå. Skreii för ned
etter dalen, heilt til Drammen, og ståka på so dei
kom ikkje attende til Eldrehaugen før trettandags-
kvelden. Då hadde dei ikkje nokon slik stor-utferd,

i2 — Hallingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0181.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free