- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
176

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

176

burte. Denne bufarvegen hans er det berre flygan-
de fuglar som kan gjera etter. Fylgjesveinane hans
vart fælt uppskremde og trudde Heggset’n var
burte for alltid. Men då dei kom ned til Torpe-
kyrkja stod Heggset’n der i sine beste stasklæde,
og sin beste puss. Det synte ikkje likt til han hadde
vore våt desmeir og ikkje ei rift hadde den i klædi
og ikkje ei skråme på hendane eller i andletet.

Ei annan gong det var messe ved Torpo kyrkje
var Heggset’n møtt fram att, og det var fullt med
folk samla i tunet på Torpo gamle prestegard Nup-
garden — Torpo no er. Då synkvervde han heile
kyrkjeålmugen, so alle vart stå-ande og glo og
undra seg på ein hane, som kabba avgarde med ein
diger tømmerstokk over gardstunet. Men so kom
det ei gamal kjæring, Heggset’n ikkje hadde set
og som han difor ikkje hadde havt høve til å kverve
synet på, og kjæringi sa: «Ser de då ikkje at det
er berre eit halmstrå hanen dreg på!» Men no
kvervde Heggset’n synet på denne gamle kjæringi og
so ho totte ho vabba i vatn til langt over oklune
der på gardstunet, ho hyfsa stakken upp og vadde
smått og varsamt. Heggset’n var handelskar og
vanka mykje på Vestlandet. Soleis var han på tor-
get i Bergen ein gong med ei lass, sjåande til
nyslege, grønt vollhøy. Her kom det ogso ei kjæ-
ring han ikkje var vorten vår, og ho sa: «Ser de
då ikkje at det er berre ruskehalm, heile lasset!»

Då såg alle dette. Men Heggset’n synkvervde ogso
denne kjæringi, so ho totte vatnet gjekk henne
over oklone, ho drog godt upp skjørti og vassa til
burt-etter torget.

I Kitel Høgset sine dagar var det ekserplass på
Brøta ved Sundre. Her var ei marketenderske heit-
te Åse Sundre. Henne bad Heggset’n veksle ein 10-
dalarsetel med seg. Åse stod att med setelen i neven

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free