- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
216

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

216

gauv på sogningen og rundjulte han slik, at han
måtte be um godt vér. Då so var gjort, gjekk Nos’n
med verduge steg innum bordet att og togg den
maten han hadde i munnen då han gav sogningen
juling. Dette hende for umlag 100 år sea.

INTELHUSEN OG FUTEN

-Intelhusen bar posten millom Ål og Hol, for eit
par-tri mannsaldar sea. I Hallingdal var det ein fut
som heitte Kahrs på dei tider, og denne futen var
kjend for å vera hastig og uppfarande og valde
ikkje altid ord når ikkje alt gjekk etter hans vilje.
Ein gong råkast Intelhusen og futen Kahrs på
Sundre. Futen vilde få Intelhusen til å så eit erend
for seg til ein gard i Hol som låg noko avveges.
Intelhusen svara då at han kunde ikkje gjera futen
denne tenesti, for det vilde seinke postføringi.
Futen vart kav sinna for dette svaret og so sa han:
«Så reis til Helvetis da!» «Ja, & kunna nok dæ, men
dæ vorte ein stor krok for me, som går mæ poste»,
svara Intelhusen.

Hastig — hissig, snøggsinna.

TOLVMILSKOGEN OG HR. OLE

Soknepresten til Å] — Ole M. Engelstrup för ein
gong på el reise gjenom Tolvmilskogen. Skogen
stod so tett at det var sjeldan, til-med um dagen
at han såg ei stripe av himelen millom greinane.
Då det leid mot kvelden kom han fram til eit eins-
leg hus, og då han skyna, han ikkje kunde koma
over — eller ut or skogen um kvelden, gjekk han
inn og bad um natteherberge.

Inne i stugu råka han ei ung, ven gjente og hen-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free