- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
116

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIX. Robinson finn mannebein

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116
paa ein stad. Men han hadde augo godt
med seg enno, og han var alltid rædd for
aa løysa av eit skot. Det var stødt ein
faare for at villmennerne kunde høyra det,
dersom dei var i land paa øyi nokon stad.
Men som vel var, so var det ikkje ofte han
turvte skjota no, daa han hadde so mange
tamde gjeiter. Og fanga han villgjeiter av
og til, so tok han dei alltid i snaror eller
fellor. Han løyste soleis mest ikkje eit ei
naste skot i heile tvo aar. Men han bar
stødt ei ladd byrsa med seg, naar han var
av og gjekk, og i beltet hadde han tvo pi
stolar og eit blank-slipa sverd som han hadde
teke med fraa skipet. Det var best aa vera
budd paa alt, og so reint greid skulde han
ikkje vera aa koma for nær, naar han var
so godt væpna.
Der var ein liten fjelltopp eit stykke ifraa
der han budde. Der gjekk han upp um da
garne og saag etter um det kom nokon baat
vestantil og styrde hit imot øyi. I mest tri
maanar heldt han paa med dette, men kunde
ingen baat sjaa. Med det same tok han til
aa gruna paa um han ikkje skulde kunna
giera reint av med villmennerne, dersom dei
kom i land her att og vilde slagta og eta
folk. Han kunde liggja paa lur burti skogen
eit stykke ifraa der dei heldt til og ha alle
byrsorne sine ladde og skjota ned heile flok

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free