- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
37

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkjeimothan. Men aldri
vonene hans brast; nei han flytte deim berre lenger fram,
høgre upp; og dei skjein Ijosare, klaarare endaa. „Naar
eg kjem dit upp, vil eg dra alle aat meg,“ sa han.

Paa krossen lyste han aller fagrast. Daa bad han
for sine fiendar — dei som hadde gjort han alt dette
vonde og no hadde faatt han dit upp. „Far, forlat deim,
dei veit ikkje kva dei gjer,“ sa han. So godt trudde
han endaa um deim — so ljose voner hadde han for
deim med. „Sanneleg, denne var meir enn eit
menne-skje!“ det maatte nok den Roma-heidningen segja som
heldt vakt og saag med eigne augo. Vi tykte det vi, som
berre høyrde um det. —

Soleis fortalde dei soga, desse Vonheims-karane,
baade Noregs- og heimssoga. Og vi som lydde paa, vart
aldri mette av aa høyre. For det var livet sjølv dei
rulla upp aat oss — og gav det munn og mæle so det
kunde tala.

Og mange var dei gutar og gjentor som fekk livs
kveik av Bruun desse aara i Vonheim. Kona mi og
gjekk der daa ho var ung gjente; sidan kom ho ei mil
derifraa og vart huslærar for nokre smaagjentor. Men
ho gjekk gladeleg den mila kvar kveld ho visste Bruun
skulde tala. Og heimatt gjekk ho um natta gjenom ein
svart granskog mott aaleine — endaa tryggare og gladare.
Ho hadde stort fylgje, ljost fylgje, naar ho hadde høyrt
Bruun, tykte ho. Dette er hennar eigne ord. Like friskt
fortel ho um dei dagar; og no er det 30 aar sidan.

Fraa ein annan kant skal eg herme noko — or eit
brev:

„Som han (Bruun) kunde skyne oss naar vi var
mot-lause! Vi saag det i augom hans og skyna det paa
maa-let hans — og som han daa kunde trøyste! vi gløymer
det aldri vi som fekk hjelpa. Han sa desse orda so stilt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free