- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
94

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Hvilke betragtninger bør gjøre sig gjældende paa en
kir-kegaard? Børns og forældres gjensidige piikter,
begrundet i børnelærdommen. Hvorfor bør vi adlyde
øvrig-heten? Ja, so var det nokre taa eit anna slag, eg vil
kalle deim mekaniske: Flæt følgende ord ind i en
fortælling: Hest, hund, gevær, ørken, løve, oase, palme,

vandkilde — og so burtover. Stundom var det adjektiv
vi skulde flette inni. Og eg vart nok den „flinkaste" taa
alle saman eg, dessverre; for han sa han kunde ikkje lære
meg meir.

Kaa skal vi kalle slikt? Aa, for eit apespel! Eg
tykkjer det luktar taa di endaa, naar eg minnest korleis
eg sat og hykla og meinte ikkje eit ord med alt eg skreiv.
Eg hadde vel lært eit tusen ord utor dansktyske bøker,
og dreiv paa og fløtte desse som brikkor i eit dominospel,
snart paa ein maate og snart paa hin, nett som det høvde,
utan tanke paa kaa eg meinte. Heile kjenslelivet mitt
sov utanfor, det fekk ikkje spor taa utvikling, Og like
gale i det kristelege. Det var aa pugge Pontoppidan det,
og ei stor bibelhistorie paa dansktysk. Og naar vi skulde
svara noko so var det aa knote. Alt vi levde, med hug
og varme og hjartelag, det var utanfor skulen, det fekk
berge seg sjølv, og voks villt, utan noko anna morsmaal
enn det vi hadde med oss fraa heime, og som vi lærde
aa sjaa ned paa. Eg fekk skrubb ein gong for det eg
sa sjue i staden for syv. „Ja men han far segjer sjue,"
sa eg. „Hils ham paa at det hedder syv!" sa læraren.
— Han log han far daa eg kom heim i fullt sinne og
fortalde. „Aa nei, bry deg ikkje for det," sa han; segj
syv du paa skulen, so kan du faa segja sjue naar du
kjem heim att." Best minnest eg leikestundene, dei staar
i glans; for daa kjende vi oss frie og glade. Daa skraala
vi paa heimemaalet maatru, det beste vi orka. Naturen
er sterk han — og det kom vel med, her.

Daa eg var 18 aar kasta eg heile maska og tok te

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free