- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
149

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i dauden — ein slik daude! — fordi her gjekk vegen hans
til lækjedom og liv for manna-ætta.

— Tru aldri at vi plaaga oss med ny-teologiske
funderingar — um „jomfrufødselen", „djævleuddrivelser",
„Lasarus’ opvækkelse" o.s.b. og minst taa alt um han skulde
staa uppatt sjølv. Vi sat reint og glødde ... Vi kunde
ikkje tvile paa ein flekk! Vi sa med Peter: det var
umoge-leg at ein slik kunde haldast av dauden. Og so framt
ny-teologane tenkjer aa frelse folket i landet med aa hakke
toppen av Jesus Kristus, so tek dei i miss. Dei kan vera
gagnlege no ei stund, til murbrjotarar mot ei gamal
stein-hard teologi — og la dei driva paa alt dei kan med aa
faa han til menneskje, ja fullblods mann. Men la dei
gaatone i Kristus vera i fred — la han faa ha denne
dub-belt-botnen! Kva veit vi um det som er under botnen i
oss — soframt vi var so langt komne som han? Kor
mykje av „oss sjølve" er uppe so vi skynar det — ikkje
lenger komne enn vi stakkarar er i vaar vokster? Dette
er som ein barnsunge og ein dverg segjer nei til den største
kjempa. Og kva hjelp var det i aa faa burt tvo tri
tanke-vanskar — naar livet vantar? Vi har haugar att — som
kanskje snart veks seg likso store. Vanskar som knapt
kjem livet ved! Var vi store nok til aa leva dette livet,
daa kom dei siett ikkje. Daa vilde det urimelegaste av
alt vera um han ikkje stod upp att — etter det aandsliv
han hadde levt.

— Daa eg fekk sjaa han som menneskje — daa vart
han meir enn eit menneskje for meg, med stort pluss
baade i rot og i topp. Men siett ikkje med tvo „natureru
som teologane har styrt han ut med — denne
motbyde-lege mekanisme! Nei, vi har tvo naturer vi, som bér det
vonde i oss! men ikkje han som var heil.

Mystiken kjem vi ikkje ifraa — vi har han baade
over oss og under oss. Vart vi ferdige med den, so var
vi vel ferdige med all utvikling ög. I kristendomen vil

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free