- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
197

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

UNGDOMEN OG DEI GAMLE

Her vil eg tala lite um korleis de som er unge skal
stelle dykk mot dei gamle. Eg hadde vel knapt vaaga
meg til med eit so vanskelegt emne paa eiga hånd, men
ein mann eg har eingrand lit til, bad meg um det. Noko
uttømande skal de ikkje vente. Det vilde høvt meir i
eit ordskifte; daa kunde ein heilt annleis greina dette
ut; og daa kunde det au vorte hø ve te aa tala um kor-
leis dei gamle maa stelle seg mot dei unge. Det kan
ikkje eg gaa inn paa no.

Men kan hende eg likevel kunde hjelpe ein og annan
av dykk yngre — te aa faa sjaa lite djupare ned i dette
vanskelege livet vaart.

Tida er upprivi og kløyvd. Striden staar millom gamalt
og nytt paa snart sagt alle leider. Dei unge staar med
eit ja ja — der staar dei gamle med eit nei. Vi saknar
saart den jamvekt som maa til i ein friskt vokster, og
mange ser med rædsle paa tida vaar og dreg seg til minnes
det gamle ordet: Det rikje som er usams med seg sjølv
biir lagt i øyde. Vi har faatt slaastbikkje-naturen i arv,
vi norske, og har fælt smaae evnor te aa staa saman og
vera sterke. Og skulda ligg tungt paa dei gamle likso
vel som paa dei unge. Skal saaret lækjast, maa dei au
faa augo paa sine veilor, som korkje er smaae eller faae.
Um det kunde det godt talast serskilt.

Det fyrste og største som møter oss naar vi skal til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0199.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free