- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
209

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

forstod ikkje eit plukk taa dette her, som ventande var. Og
ikkje vaare lærde heller, desverre. Kan det vera daapen
han meiner? Som han legg slik ei vekt paa—? Ja, høyr:

Jesus sa, daa han gav læresveinom fullmakta si te
aa byggje dette riket:

„Eg har faatt all makt i himmel og paa jord.“ —
Dette sa han som hadde vaska føtene deira og sagt at
den største skal vera tenaren aat alle.

„Gakk difor ut — sa han — og gjer alle folkeslag
te mine læresveinar, paa den maaten at de døyper deim
i namnet aat Faderen, Sonen og den heilage A and —
og lær deim so aa halde alt det eg har bode dykk. Og
sjaa, eg er med dykk alle dagar alt te enden.u

Her har vi kristendomen — etter Jesu eigne ord.

Det er: aa bli døypt.

Dernæst: aa halde det han har bode oss.

Og sjaa, daa er eg med dykk alle dagar, segjer han;
„den som trur og biir døypt skal bli frelst, men den som
ikkje trur skal bli dømd.“

Det som hender oss i daapen er eit storunder. Daa
biir vi innpoda i livsenstreet, og kjem heilt attende aat
Gud te evig vokster.

„Hvordan det skér det ved vi ei,
her har han ikke vist os vei.“

Han sa berre: „Eg er vintreet, og de er greinene

— utan meg kan de ingen ting gjera."

So kjem det næste: aa halde det han har bode oss.

„Eg gjev dykk eitt bod,u sa han siste kvelden aat
ven om sine: „at de skal elske kv ar andre. Paa det skal
alle kjenne at de er mine læresveinar. “

Dei skriftkloke i Israel hadde minst seks hundre bod,
som dei lærde fraa seg — Jesus har berre dette eine:
Vi skal vera gode mot einann’, fordi Gud er god imot
oss. Han er far vaar — og vi skal likne honom. „ Dette
er mitt bod, at de skal elske einann’, liksom eg har elska

A. Austlid: Salt. 14

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free