- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fjortende aargang. 1903 /
145

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Paa hi sida

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

PAA HI SIDA.
Eg spurde ein gamall mann: «kva hev du lært av live?»
Han saag paa meg med augnekast som kom liksom
langt burtanfraa. Og han sagde:
«Eg var ung og visste alt. Og eg spara ’kje paa min
visdom; eg sagde det eg visste og noko til, og undrast paa
at mine sterke ord ikkje snudde verdi.
Dei gamle hadde eg vondt av, dei som ikkje hadde meir
aa vente. Men nåar dei tala um live, og vilde lære meg
kva live var, lo eg. Og eg blunka til mine jamaldrande og
sagde: desse gamle, stakkar; kva veit dei um live som hev
gløymt det?
Men eg vart eldre og laut i skule.
Det var den skulen som ingin trur paa, fyrr han hev
vori der; læraren heiter 111 Røynd, og lærestundine vonbrot.
Difor er skulen lang; for von broti er mange. Og alltid nye,
so gamle dei er. Du fekk ikkje det du vilde. Eller du fekk
•det, og det var ikkje det du vilde. Eller det var det du vilde,
og du misste det att. Dine store verk vart lite tess. Det du
meinte best vart til det verste tydt. Det du sette di lit til,
vart fall for deg og tap. Dei du venta hjelp av, vart steinar
i vegen din og graae håar paa ditt hovud. Og so alt fort,
som lesande er i alle visdomsbøkar.
I den skulen gjekk eg. Og eg lærde og lærde. Og di
meir eg lærde, di mindre visste eg.
Underlegt er det aa koma paa hi sida av den store syn
kvervinga og sjåa at alt er annleis, og noko reint anna; og
kvar gong segjer du: live er lygn. Meir og meir uppraadd
stend du og stirer paa denne himilblaae verdi, som ser so
10 Samtiden. 1903.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:20:29 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1903/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free