- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
16

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
Gudsrike paa ei «ny» Jord, soleis heldt han seg i si Livslære
til Lovi og Profetane. Han var ikkje komin til aa «upp-løyse»
men tii aa «uppfylle», til aa gjeva dei gamle Sanningar full
Forklaaring, heilt Samanheng.
Og det turvtest aa faa nyreist Bode um Næstekjærleik ;
Skriftlærde og Farisæingar hadde gløymt det mest som me. Det
vart daa og den store Grunntekst i Jesu Forkynning: du skal
elske Gud, og vise dette ved aa elske Næsten. I Gjerning, i
Live skal du elske din Næste; og aa elske Næsten som seg
sjølv er aa unne sin Næste som ein unner seg sjølv, unne
andre same Livsrett som ein for seg sjølv krev. Eller som
Jesus ein annan Stad segjer: du skal gjera mot andre som
du vil at andre skal gjera mot deg; alle skal njote sin Barne
rett i Far-huse.
Men um Nasaræaren heldt seg til Moses og Profetane:
hans Syn paa Lovi som paa Live er nytt. Dette nye Syn,
Jesu Evangelium, kann ein i faae Ord setja fram soleis:
Gud er Far; me er Borni hans og oss imillom Systken.
Som gode Born skal me daa lyde Faderen, og som gode
Systken elske kvarandre : unne kvarandre vel ; og det um me
er Jødar eller Samaritanar, Venir eller Fiendar. Daa er
våar Løn stor: Live vert godt, og Faderhuse ein Heim for oss.
Der finn me Hyggje, um so i smaae Kaar; og jamvel den
burtkomne vert vel fagna der, nåar han trøytt av Villferd og
Daarskap søkjer heim att.
Viljen til Faderen lærer me i hans Lov; den høver for
det nye Bror-Samfund som for det gamle, i alt som det gjeld
nm. Til Moses viser daa Jesus alle som spyrr etter Livsens
Veg: «kva stend der i Lovi? Korleis lés du?»
At me etter Paulus er løyste fraa Lovi vil segja, at Lovi
ikkje lenger ligg yvi oss med Rædsle og Tvang. Ho segjer
oss Faderviljen, som like eins er den sanne Barneviljen. Og
det er barnsleg, friviljug, glad Lydnad, Lydnad i Kjærleik,
som er Vegen til Live. Alle Trugsmaal er burtkomne; «gjer
dette, so skal du liva,» segjer Meistaren. Alt samlar seg i
Kjærleiksbode ; bygd paa Far- og Bror-Tanken hev Lovi vorti
Evangelium.
At Brortanken hjaa Jesus er meir enn éin uppbyggjeleg
Talemaate ser me av, at han her held seg til Moselovi, der
Brorskipnaden var økonomisk Lov, Samfimdsgrunnlov. Denne
16

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free