- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Toogtyvende aargang. 1911 /
15

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Kyrkja og Borgarsamfunde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kyrkja og Borgarsamfunde.
ho maa forkynne; her vil ho hava aa halde fram dei rett
ferdige Samfunds-G runn ta nkane.
Men daa skulde ho vera trygg; for her vil ho hava Pro
feten fraa Nasaret paa si Side. Meir og meir kjenner Jesus-
Sveinar Meistaren att i det Samfundsarbeide som krev Rett
for alle, Rett for kvart Menneskje til aa liva eit menneskje
legt Liv. Det er den Tanken som raadde i dei gamle Retts
og Fredstidir, hjaa alle Folk, og ikkje minst i Israel : Bror-
Tanken; me finn han hjaa Moses og hjaa Jesus. Men hjaa
Nasaræaren steig han fram i full Reinleik og i all si Høgd ;
og nåar han no, eit Par tusnnd Aar seinare, endeleg synest
vilja vakne til Liv, so skulde det visst ikkje vera for tidlegt.
Minst skulde det vera for tidlegt for Kyrkja; eit Jesus-
Fylgje vilde hava sitt Hovud-Arbeid her. Jesus-Sveinar vilde
minnast, at Bode um Næstekjærleik inneheld heile Lovir
jamvel Bode um Kjærleik til Gud; for aa elske Gud er aa
gjera hans Vilje, og Guds, Faderens, Vilje er: Samhug mil–
lom Brørane, Rettferd og Fred paa Jordi. Det er våar Fram
ferd mot vaare Medmenneskje, vaare Syskin, som etter Jesu
Doms-Skildring hjaa Mattæus skal døme oss paa den store
Uppgjerdsdagen ; den aaleine; Menneskjesonen vil ikkje spyrja
etter Læresetningar og Trudomsartiklar, men berre etter det
eine: hev du elska din Næste, fari broderlegt fram mot
Brørane.
Det er lengi sidan Kyrkja gløymde denne Jesu Domedag.
Ho hev havt lange Vegar aa gaa um Nikæa, Rom, Augs
burg fyrr ho fekk forma sine Trudomsartiklar; og paa
desse Vegane hev ho lært aa lempe seg etter Verdi i mangt,
ikkje minst i dette Spursmaale. Evangelie um Brorskapen
er lagt paa Hylla, burt-tolka «aandeleg», so no trur me at
det berre var til Kjensla Meistaren tala daa han sagde: du
skal elske din Næste som dig seiv. Men i vaare Dagar, daa
den eine Kyrkjelæraren etter den andre set seg ved Jesu
Føtar og høyrer paa hans Forkynning, maa me kunna tru,
at nye Tidir er aat aa renne.
Noko nytt vilde Jesus ikkje lære sine Sveinar; som han
i det eschatologiske heldt seg til Tanken ura eit fullkomi
15

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:26:02 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1911/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free