- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
249

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Prisar og politikk i norsk historie.
det lønte seg best. Og eg vil slett ikkje nekte for at jord
lovgievinga i einvalds-tida kunde hjelpe til at godsherrane
helst skilde seg med jorda. Men dei same lovene stod daa
likevel ved magt i slutten paa einvaldstida, daa kapitalen paa
nytt freista slaa jorda under seg. Og det merkelege er at
baade Sars og dei andre som bygger paa dei kgl. forordnin
gane, dei segjer samstundes, at desse same forordningane
«naturligvis» ikkje lét seg «strengt gjennemføre». Koss kunde
dei daa gjøre so stor ei vending i den norske historia?
Eg trur ikkje det kann være tvil om at det her har vore
sterkare magter i arbeid. Det maatte være eit skifte i dei
økonomiske grunnvilkaara. Og det er just det som prisrek
kene viser: I slutten paa 17de hundradaare vart det stans i den
store prisauken. Likso vel som prisstigninga i 16de hundradaare
hadde egga storkapitalen inn i jordbruke og gjort livskaara
hardare for bønderne, soleis maatte prisnedgangen etterpaa
drive storkapitalen ut og lette livsstriden for bønderne. Dei
fekk hjelp i lovgjevinga og visseleg endaa meir i dei store
avhendingane av statsgods som vart sett i gang i 1660-aara,
og som endaa meir dreiv prisane ned, og Oscar A lb. John
sen har (i Syn og Segn 1910) skildra for oss koss bønderne
no beint fram kridde for aa faa tak i jorda. Det var pris
vilkaara som gjorde det moglegt for aei aa nytte ut tilføre
og kjøpe jord; det var stilistande i prisane gjenom hundrad
aar, som meir enn noko anna bygde den norske bonde
fridomen.
Og striden i slutten av 18de hundradaare, den som kom
for di prisane paa nytt tok til aa stige, so bønderne paa nytt
vart nøydde til aa slaast for dei djupaste livs-interessene sine,
den striden hadde kanskje endaa snautt bore fram til
bondesiger, hadde ikkje dei økonomiske vilkaara paa nytt
kome bønderne til hjelp. Eg peikte alt i foredrage mitt paa
fyrre historikermøte paa, at det store kursfalle paa pengane
som enda med statsbankerotten i 1813, i grunnen var ein
bankerott for yverklassene i lande; bønderne kunde no nytte
paa og kvitte baade seg og gardane sine for den skulda dei
hadde kome i, det var i røynda ein stor «seisachteia»
(skuld-velting) som gjekk for seg.
Det som her er merkelegt, det er at denne gongen vart
sjølve den veldige pris-auken nedgangen i pengeverde
249

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:27:10 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0257.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free