- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Femogtyvende aargang. 1914 /
294

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Riksretten 1883—84

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
Rare Ting kom for Dagen. Det var ikkje berre Folke
snakk, at Statsministeren hadde vore med i Regjeringsmøte
etter han var dømd fraa Embætte. Lovi var broti. Og det
var Kongedøme og Regjeringsmagt som hadde brote ho;
mykje gamall Folketru brast, daa det kom upp. Men det
Folk hefte seg mest ved var noko anna: Styremagti hadde i
all Løynd havt Vaapn i Stand mot Folke: Byrsur og skarpe
Patronar til Soldatarne; Kanonar paa Akershus ferduge til
Bruk. Men 20000 Byrsur, som Folke kunde faa Tak paa,
dei var med sløg Kunst gjorde übruklege. Kor mykje kunde
det liggie under her’? Hadde Regjeringi venta ei Folkereis
ning mot seg? Og hadde ho i det Tilfælle tenkt aa møte
eit vaapnlaust Folk med Skarpt? Eller hadde der likevel
vore Aalvor attum Statskup-snakke?
Krigsraaden fraa Riksrettstidi og Krigsraaden i «April
ministerie» vart innkalla for Storthinge til aa gjeva Upplys
ningar. Han fraa Riksrettstidi, han som var andsvarleg, og
som skulde kunne gjeva full Greie, møtte ikkje: var sjuk;
sende skriftleg Forklaaring; kva aalmenn Mann maatte tenkje
um eit slikt Sjukdomstilfelle hev alle Vedkomande visst.
Og at den nye Forsvarsraaden møtte hadde lite paa seg; han
kunde ikkje vita meir um det som fyrr var hendt enn det
den fyrre Ministeren fann det rett aa setja han inn i. Stor
things-Innkallingi kunde daa bli lite meir enn eit Skodespel.
Og det lagde seg nye Skuggar yvi det dømde Riksstyre.
Eg sat paa Storthingstreve og høyrde og saag paa Eksa
minasjonen.
Det var sett fram eit lite Bord og ein Stol noko til høgre
for Præsident-tribunen; ellers var alt som vanleg. Statsraa
den kom inn i Høgtidsmundur; bukka for Præsidenten og
Thinge; sette seg. Han førde seg godt; og for kvart Spursmaal
reiste han seg og gav formgreie Svar; men for meg vart
han meir og meir til eit Vitne for ein Rett, og det eit Vitne
som ikkje møter med nokon serskilt god Hug. Det hev vel
vore mine eigne Tankar som her hev narra meg.
Klaart og rolegt sette Præsidenten fram dei vedtekne
Spursmaali. Svari slog fast alt som ikkje lenger lét seg dylja ;
men stort meir gav dei ikkje. Um Grunnen til slike merke
lege militære Tilstellingar fekk me Aalmennsetningar um
Plikt for Styre til aa vera butt paa alt i so upprørde Tider
294

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:27:44 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1914/0302.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free