Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation. II
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Skulereformation. go’-*
fastsett Sedelære», d. v. s. noko som ei Katekisme i Moral.
Men skulde me endeleg hava ein Dogmatik, so er den kyrkje
lege i ein Maate meir barnsleg enn denne statlege: samlar
seg um personlege Lovgjevarar, slike som Moses og
Kristus.
Serlege Høve kann gjera at Religionen bør ut or Skulen ;
men til vanlegt bør han vera med, meiner Samskulestyre’
Det gjeld berre aa finne rette Maaten, so at det gode, han
inneheld, kann faa gjera Nytte, og det, som der er Strid um,
ikkje fær gjera vondt. Og daa kjem Religionen paa rett
Maate med i Skulen, nåar han vert teken ikkje dogmatisk,
men historisk. 1
Den samfundsvedtekne Religionen, som Elevarne veit
nm og meir eller mindre er inne i, bør dei faa fylgje i heile
hans historiske framvokstr. Dei vil daa faa baade den
Kunnskapen, Samfunde krev og gjenom Evangelie den
etiske Paaverknaden, Skulen kann gjeva.
Inngangskapitle vert den israelitiske (mosaiske, profetiske
etterbabyloniske) Trui; Kjeldeskrift: Bibelen. So kjem
Hovudstykke: Jesus og hans Forkynning; Kjeldeskrift: dei
tri fyrste Evangeliehøkerne. Og sistpaa Kyrkjelæra; Kjeldur:
Paulusbrevi, Mitra-Trui, græsk Filosofi,2 seinare Teologi. Det
vert sett same Krave til Religionslæraren som til Lærarar
elles: han maa vera inne i Fage sitt. Og han maa fylgje
so vidt med i Granskinga at han alltid i Hovudsaki veit," kva
ein kann halde for avgjort og kva der enno er Spursmaal
um; nye Uppdagingar kann gjeva nytt Ljos, som korkje
han sjølv eller Skulen bør vera stengd ute fraa.3
Undervisningi maa i dette som i andre Fag vera objektiv
i Innhald, men i Form og Maate personleg. Det Emne, som
Læraren gjenom ærleg Gransking hev arbeidt seg inn-i, vil
han sjølv vera teken av, og maa kunne leggje det fram med
Sven Lönborg: «Historisk religionsundervisning», Festskrifte S. 21 o. u.
2 Sven Lön borg: t Kristendomens uppkomst*, Stockholm 1907; «Pau
lus*, Stockholm 1908.
3 So seint som i 1892 vart det gjort ei rett merkeleg religionshistorisk
Oppdaging: i eit Kloster ved Sinai vart det funne ei syrisk Evangelie-Umsetjing,
som fører oss 200 Aar nærare Jesu Tid enn dei eldste nytestamentlege Hand
skrifterne og greier ymist som fyrr var ugreidt. Smf. Fyreorde til Sven Lön
borgs forvitnelege bibelhistoriske Arbeid: tJesu från Nazara».
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>