- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
219

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Katolicisme og moderne menneske.
som no hev set so mykje baade heime og ute,» segier eg,
«trur De at den katolske kyrkja kann døy nokon gong?»
«Nei det tror jeg ikke,» svara ho. «Trur De at den lutherske
kyrkja kann døy?» Ho sat og saag ut for seg ei stund, so
segjer ho: «Ja.» Eg vilde ikkje spyrja um grunnen tildette
ja; men eg syntest det var merkeleg. Og det er visst mykje
som skil paa at ho er aaleine um aa tenkja so. Truleg er
det for di mange kjenner det paa seg, endaatil um dei ikkje
nett hev tenkt so mykje yver desse ting, at alle protestan
tiske samfund er dømde til aa mala og slita seg sunder i
indre strid. Det stadfester seg stødt at eit rike eller eit hus
som ligg i strid med seg sjølv, ikkje staar lenge.
Mange vil svara: «Ja, men i vaare dagar ser ein nettupp
at alle protestantiske samfund samlar seg og at kyrkjetanken
og einskapstanken gror fram imillom deim. Ein kann berre
minnast det økumeniske møte i Stockholm for eit par aar
sidan. Der var det daa den katolske kyrkja som viste minst
skyn, minst samhug med einskapstanken.»
Ingen vil segja anna enn at dette møtet var eit merkeleg
tidarteikn og ei gledeleg storhending. Likeins at erkebiskop
Söderblom, sjeli og drivkrafti i møtet framum alle andre, er
ein uvanleg mann. Han er ein av deim som høyrer graset
gro, ein av deim som baade mystisk og tankeklaart kjenner
det som er i kjømdi. Han er ein av deim som skynar kor
ille det er at dei protestantiske samfundi hev mist den katol
ske kyrkjetanken, ikkje berre trui paa kyrkja («credo in sanc
tam ecclesiam catholicam»), men sjølve einskapstanken og sam
haldstanken, som er endaa meir naudsynleg i Kristi rike enn
i noko anna samhelde paa jordi. Det økumeniske møte i
Stockholm var ein storlagd og ageleg freistnad paa aa byggja
upp ein ny katolicisme, ein katolicisme utanfor den katolske
kyrkja, paa protestantisk grunn. Men det er meiningslaust
aa klandra den katolske kyrkja for ho ikkje vilde vera med
paa ein so sjølvdrepande freistnad, vera med paa aa fornekta
trui paa sitt eige gudgjevne tilvære, vera med paa aa flytta
seg sjølv yver fraa det trygge berget ho er bygd paa og yver
til eit samlingsberg som enno ikkje er funne, men som i alle
tilfelle ikkje kann verta anna enn ein vulkan. Det er verdt
aa hugsa at dei paa Stockholmsmøtet, som paa si vis skulde
219

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0227.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free