- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
283

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - V

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Katolicisme og moderne menneske.
dag; hyrdingen for alle sauene og lambi kann ikkje rekast
burt. Aldri kann denne hyrdingtenesta få ende. Kven fekk
nokon gong fullmakt til å segja, at no er sauene og lambi
so vegkjende og vaksne, at dei greider seg utan den hyrdin
gen som Herren sette yver deim?
Beresulone i kyrkjebygnaden er apostolatet, med lærar
og styrar-embetet og alle dei andre fullmaktene som apostlane
fekk, og alt går i arv med sakramental vigsla frå biskop til
biskop; det hev Kyrkja alltid lært og vitna, og Paulus min
ner Timoteus um det: «Vanskøyt ikkje den nådegåva som
er i deg, og som vart deg gjevi ved profet-ord og med hand
påleggjing av dei eldste.» Denne vigsla er likso naudsynleg
som dei andre sakramenti, og er i visse måtar grunnlaget
for deim. Einskapsbandet i dette levande apostolatet er det
øvste hyrding-embetet, som går i arv med Petri stol i Rom.
Bispen der, paven, vert då det synlege hovudet i Kyrkja,
liksom Simon Peter var det. Kristus er det usynlege
hovudet.
Men korleis kann då nokon reddast for autoriteten i
Kyrkja? Kann Kristus svika henne? Kann den Heilage
Anden gå ifrå henne?
Her kjem det eit svar som ein toreskrell frå protestant
ismen: «Me kann ikkje setja noko menneske millom oss og
Gud.» Dette svaret vert til inkjes når me tenkjer oss ein
grand um. Det var då menneske Herren sende ut til å læra
og døypa alle folk. I Guds stad skulde dei gå. I Guds
stad står den ringaste prest når han døyper eit barn eller
gjev nokon sakramentet. Kvar einaste dag står menneske i
Guds stad i hundrad-tusental etter hundrad tusental, og på
annan måte kann ikkje kristendomen vinna fram eller halda
seg uppe i verdi. Det er ikkje gjort med å spreida ut skrif
ter. Um alle mann, store og små, i eit heidningeland kunde
lesa og dei sådde ut heilage skrifter so tjukt som korn i
åkeren, so kunde ikkje folket verta kristna på den visi.
Men når det er so og må vera so, at Herren sender
menneske i sin stad, korleis kann ein då vera redd autori
teten i det lærar- og styrar-embetet som han sjølv hev reist i
Kyrkja?
Ja var det so som dei fleste synest tru her i landet, at
dei katolske kyrkjeautoritetane, og paven sjølv, blandar seg
283

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 20 17:35:50 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0291.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free