- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
171

(1928-1931)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300 *.

Fra eit lite tiår i slutten på 13de hundreåre har vi eitt
aktstykke fra kvart av dei tri norderlendske kongerika som
i ein bråblenk syner oss köss feudalismen, lensskipnaden,
har fått rådveide i alle tri rika. Fra Noreg er det hirdskrå’a
som kong Magnus Lagaböte ferda ut i 1273 eller eitt av dei
næste åra. Fra Sverike er det Alsnö-stadgan fra åre 1279,
utferda av kong Magnus Ladulås. Og fra Danmark
hand-festninga åt kong Erik Klipping fra åre 1282.

Tidfylgja åt desse aktstykka står i omvendt tilhöve til
den framgången for feudalismen dei ber vitne om. I feudal
vokster var det på den tida Danmark som hadde kome
lengst, og Noreg stuttast. Handfestninga åt Erik Klippinge
den som med full rett har vorte kalla »Danmarks Magna
Carta», syner oss ei adelsmakt som ait stig opp i breidd med
kongsmakta: kongen må binde seg til å kalle i hop riksens
»beste menner» til parlament eller »hof» kvart einaste år*
og han må gi avkall på all sjölstendig eller vilkårleg
lov-givingsmakt. Den svenske Alsnö-stadgan 3 gir »frælse» eller
skattefridom åt jordegodse åt kongsmenner og alle som gjer
våpenteneste med hest: det er det ökonomiske grunnlage for
den nye adelsklassa. Den norske hirdskrå’a4 syner oss ei
kongsmakt som er i full gång med å bygge opp ei feudal
landsstyring.

Ingen har kunna vere i tvil om det feudale innhalde i
dei to rettarbreva fra Danmark og Sverike. Den norske

1 Foredrag på det norderlendske historikarmöte i Helsingfors 7. juli 1931.

2 Aarsb. fra Geheimearch. II 5—9.

3 Dipl. Svec. I 650—54.

4 NgL. II 391—450.

12

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri May 10 17:09:45 2019 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/scandia/1931/0185.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free