- Project Runeberg -  Tiden / Tjugoandra årgången. 1930 /
299

(1908-1940)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - N:r 5, 30 april 1930 - Kaare Fostervoll: Landsmålet i Norge og arbeidarane

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Landsmålet i Norge og arbeidarane 299

Natur", det vart programmet. Kring midten av bundradåret tok
denne nasjonale retningen førarromet både i vitskap, f. eks. historie,
og i kunst, slik at ein beint fram kan tala om "Den nasjonale
gjenombrotstida" som namn på denne tidebolken i vår soga. Vel
var retningen sentimental og på månge matar overspent og
livs-fjern — det var g jenom den at Romantikken som kunst- og
litteraturform fekk innpass i Norge — men det hindrar ikkje at just
denne tida vart den store vekkjaren. Folk fekk augo op for det
nasjonale serdraget, det vart "möte" å dikta nasjonale romansor
med emne fra eventyr- og segnverda på bygdene, likeins å måla
norske landskap, dyrka norsk musikk. Det norske serdraget høyrde
helst landsbygdene til, men ogso byane (städerna) hadde sitt. Det
var ei heilt ny verd som soleis vart opdaga, ny som emne for høgare
åndsliv, gamal som folke-eige, like gamal som folket sjølv.

Det var den norske †olkekultaren som steig fram. Det var ein
kultur, bygd på arbeidslivet, ikkje den rådande bok-kulturen.
Serdraget i norsk folkelynne, som var merkt av arbeidsliv og natur,
övra seg i det nye; norsk tenkjemåte, stemningsliv og fantasi gav
seg uttrykk i folkediktning, song, prydkunst, handverk, i form og
farge, mål og namn.

I siste halvparten av 19. hundradåret kvesser det so op til ein
kulturstrid i landet. På den eine sida stod talsmennene for den
nasjonale folkekulturen, mot dei stod representantane for den
kultur og det åndsliv som hadde fått inpass i landet gjenom dei
danske eller dansk-påverka embetsmenn i stat og kyrk je og gjenom
eit socialt dominerande handelsstand, som heldt desse same
konven-sjonelle kulturformer oppe i sine krinsar. For dei var sambandet
med og oplæringa i den dansk-tyske kulturrikdomen eit livsvilkår
for norsk åndsliv, for nordmennene sjølve mäkta enno ikkje å reisa
eit sjølvstendigt liv i so mate. Dertil vänta dei både tradisjon og
evne, slikt ungt og lite folk dei var. Det var deira syn. Etter kvart
har dette synet fått eit änna uttrykk, slik at det no heiter, at vel har
vi både norsk tradisjon og evne til å byggja vårt eige åndsliv, men
det innslag i vår kulturelle og sociale historie som fylgde med
unionen med Danmark, det er like norsk som sjølve den norske
folkekulturen. Ein kan dermed segja at båe parti set det
nasjonale op som program. Striden står difor på sett og vis om kva
som er nasjonalt.

Lat meg her stråks skyta inn at denne kulturstriden ikkje har
nokon brodd mot danskane. Vårt krav er norsk i Norge, sameleis
som dansk i Danmark er eit sjølvsagt dansk krav. At det under
striden kan falla meir eller mindre vel fundamenterte ord om
danskhuga menn og danske skikkar i Norge er ein forklårleg, om
ikkje alltid forsvarleg led i krigs førsla, men råkar ikkje
danskar i Danmark. Striden er ein strid millom nordmenn,
ikkje millom nordmenn og danskar. Det er i denne
saman-hengen verdt å merka, at folkehøgskulen er millom dei
fakto-rane som stenkast har spela inn til hjelp for det nasjonale reisings

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:14:29 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tiden/1930/0303.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free