- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
33

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

33
til med oplesing og bladskriving, innleidde til ordskifte, var ordstyrarar osb
Alle var viljuge til å gjera det dei kunde. Små skodespel vart innøvde og
framsynte på festane våre. Og det norske målet rådde grunnen åleme.
På den tid tok ungdomslaga til å skipa seg saman til større lag
eller samlag. Også her i Gudbrandsdalen. Det var kome fart i arbeidet-
Fyrst på året 1898 tok arbeidet for samanskiping av ungdomslaga her i
dalen til, og ein-to-tri så var «Gudbrandsdalens ungdomslag» skipa. Millorn
dei som stod fremst i arbeidet med dette hugsar eg Emil Berge, Ringbu,
Ivar Blekastad, Seil og Ivar Blekastad, Gausdal.
Om lag på same tid og med same fart vart Norigs ungdomslag skipa.
Og G. u. vart tidleg med i landssamskipnaden. Den fyrste ungdomsstemna
i dalen var i Ringbu 1898. På utsendingsmøtet der vart G. u. innmeldt
i N. u., og eg vart vald til utsending åt årsmøtet iN.u. i Bjørgvin. På vegen
dit kom eg saman med føregangsmennene frå Eidsiva Slotsvik og Funderud
o. fl. Og på møtet råka eg for fyrste gong Rasmus Løland og’ Klaus Sletten.
Sistnemnde var då reint ung og lite visste vi då om at han skulde koma
til å setja så varige merke etter seg i den frilyndte ungdomsrørsla. Men alt
den gongen var han skarp og djerv til å hogga fram i ordskiftet, ein rein
motsetning til den tagale Rasmus Løland.
Med det same eg dreg fram minne frå ungdomsstemner lyt eg nemna
eit på Nordfjordeid i 1894. Der høyrde eg for fyrste gong Anders Vassbotn,
og råka for fyrste gong Rasmus Steinsvik; han for då omkring og sanka
5-kroningar til «Den 17de Mai». Det ruvde ikkje mykje på han der han
gjekk, i stutt-trøye og knebrok. Og på vegen frå ungdomsstemna råka
eg ein gild gut som heitte Jon Fridtun. Han fekk meg til å tinga «Unge
skud». Gjenom det bladet vart eg kjend med Lorentz Nybø.
Seinare lærde eg Sven Moren å kjenna. Og når eg nå tenkjer attende
på alle desse åra, og liksom ser for meg alle dei ungdomar eg har set
samla seg under det frilyndte ungdomsmerke og fylka seg saman i dei fri
lyndte ungdomslag, så er det eit par andlet som står klårast for meg, to bilete
som teiknar seg av på duken, to typiske representantar for norsk ungdom :
dsn blåøygde ungguten frå havet der vest og den gjæve ungdomshøvdingen
frå grenseskogane der aust.
Innafor den råma ser eg den frilyndte ungdomsfylkingen. Eg ser dei unge
flokka seg om talarstolane på dei store ungdomsstemnene (t. d. på Voss i
1908); nokre ser eg på talarstolane omkring i dei småe lag; mange ser eg
ved skrivebordet; flokk for flokk ser eg øya inn og syna fram små sko
despel; og mange hundre ser eg svinga seg i leiken, friske og glade med
ljose framtidsdraumar. Eit fagert bilete; eg gøymer det vel i minnet og vil
helst ha det for meg sjølv. j% HÅRALDSEID.
3 - Norigs Ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free