- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
42

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42
Namnet hev vorte mistydt. Det er ofte vorte teke som det låg ein brodd
i det både mot kyrkja og kristendomen. Men det er ikkje so. Det veit
me som var med frå fyrst av. Det hev då og vore halde gudsteneste mest
på kvar einaste stemne. Ikkje mot sjølve kyrkja og ikkje mot sjølve kristen
domen ligg det nokon brodd i namnet; men vel mot den kyrkja som i
Norig vil vera dansk, og mot den kristendom som er utan sans for fedre
land og menneskjeleg åndsliv.
Her er elles ein fare for dei frilyndte ungdomslag! som ein bør merka seg.
Det karm lett verta berre til kritikk og likesæle mot alt som vedkjem
kyrkje og religion. Frå fyrst av hadde lagi nok med å arbeida fram den
leint nasjonale tanken i programmet. Men etter kvart som dei store merke
sakene vart framstridde, minka det mange stader både med samhaldet og
eldhugen. Difor lyt den frilyndte ungdomsrø sla no til å arbeida seg yver
frå den negative stoda til kyrkjelege og religiøse spursinål og yver til eit
meir positivt uppbyggjings- og upplysingsarbeid.
Eg helsar med glede det tiltak som er gjort på stemna for Norigs u. 1.
i 1920 — med det foredrag som presten Freihow heldt um «Ungdomen
og dei kyrkjelege spursmål». Og eg ynskjer dei styrande både i samskip
naden og i einskildlagi lukke til å arbeida vidare fram i den leid — jam
sides med arbeidet for dei nasjonale uppgåvor som endå er uløyste.
ANDR. B. VAMRAAK
ATTERSYN.
Skulde eg fortelje alt eg minnest frå samvær
og samarbeid med frilynte ungdomslag vart det
ei stor bok. Det vart ei bok om åndeleg og
national vokster ute millom ungdomen, og ei bok
om min eigen personlege vokster.
Og likevel vart det eit uheilt verk. Fordi
desse 20 åra har vore så framgangsrike for folke
— og så minnerike for meg sjølv — at eg aldri
kunde finne ord for det.
Eg hugsar ein vårkveld for vel 25 år sidan.
Vi var samla i det gamle skulehuset i Trysil
innbygd. Ungdom mest Vi hadde havt foredrag
og ordskifte om «tidens spørsmål». Og da møte
Sven Moren.
slutta var vi alle samde om at dette hadde vore ein gild kveld. Og dette
vilde vi ha meir av. — Så var det ein som slog på at vi burde skipa ung

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free