- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
73

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73
Det som er sjølvsagt er ikkje alltid røyndom! Me talar um unatur. Det
er liv i sjukleg form.
Åndslivet her i landet hev vore unasjonalt. Reint ille var det ein gong.
Heilt friskt er det enno ikkje . . . Det var difor født ut av livet når den
frilyndte ungdomsrørsla såg det som si uppgåve å vilja retta det som rangt
var i so måte. Naturleg vart då uppgåva å arbeida for norsk åndsliv millom
norsk ungdom!
Sjeli i åndslivet er målet. Ordi ber bod frå sjeli, der naturi i landet lever
i bilete og kjenslor. Det er difor beint fram livet som krev sin rett, når
den frilyndte ungdomsrørsla ser hjartesaki si i den norske målreisingi. Det
er ei folkeleg aristokratisk reising, som ikkje karm slå seg til ro med at det
danske målet no hev vore so lenge i landet at det er norsk. Den norske
målreisingi er eit arbeid, som vil gjera godt att det som soga gjorde gale!
I dette arbeidet er den frilyndte ungdomen med som ein einaste glad
kampvilje!
Arbeidet for nasjonalitetstanken vil på ein løyndomsfull og sterk måte
binda ungdomen til landet. Det karm få praktiske fylgjor, som opnar glede
rike utsyn for dyrking av landet . . .
So tener då den frilyndte ungdomsrørsla livet, livet i dette landet!
Livstrongen ovrar seg millom anna i ungdoms torv til song og leik.
Dans er leik. Rytmisk leik . . .
Det frilyndte ungdomsarbeidet ser ikkje nokor uppgåve i å fordøma og
tyna livstrongen i leikande dans.
Det frilyndte ungdomsarbeidet ser ei uppgåve i å gjera alt til at ung
domen karm leika seg i dans utan at det drep åndsinteressa.
Dette synet hev til fyresetning ei vakker tru på livstrongen. Han skal
ikkje døydasl Han skal høgdast. Soleis talar idealisten. Millom idealisten
og idealet er det meir enn klanglikskap. Det å vilja idealet tenkte eg var
det sanne og rette.
Grunnsynet som ungdomsarbeidet hev i dette spursmålet, kjem klårt
fram ved skiping av festar i ungdomslag. Song, blad, fyredrag og leikande
dans gjeng saman og skaper ein samklang av ånd og natur. Det karm verta
like vakkert som når lekamen rytmisk fylgjer songen eller musikken, som
sjølv er ein samljod av natur og sjel med di kunstnarsjeli vert bori av
strengene på fela. Dette grunnsynet er ogso i samklang med livsvilkåri
for menneskelivet i høge former.
I fall det er einskildlag der dei berre dansar, då er det synd mot viljen
i ungdomsarbeidet. Men dette karm ikkje ha til fylgje at ungdomsarbeidet
ikkje held fram det ideale synet sitt. Det er ein klen idealist som gjev upp
av di han lid vonbrot i einskilde høve. Ungdomsarbeidet må ikkje lata seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free