- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
183

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

183
Stemna i 1912 på Veten millom Dimma og Moldrheimsstøylen med hytta som er
reist av Nordstrands og Tisthamar ungdomslag.
mykje til at nordfjordingane no gjerne vil ha norsktalande prestar, og etter
vedtak av fylkesstyret i 1911 hev styret sidan sytt for at det hev vorte sendt
søknad til riksstyret um å setja inn norsktalande prest kvar gong eit preste
kall Hiv vore ledigt i Nordfjord.
So var det Firda ungdomslag som gjorde upptaket til Nordfjords folke
museum. På eit styremøte i Kjos den 28. juli 1907 målbar formannen,
Samuel Roti, spursmålet for styret. Konservator Kristoffer Visted h;dde det
året halde 14 .foredrag i fylkeslaget um «Norsk bondekunst og bondekultur».
Styret vedtok å leggja spursmålet fram på årsmøtet på stemna i Stryn 29.
sept. same året. På dette møtet vart det samrøystes vedteke at Firda ung
domslag skulde ta upp arbeidet for å få bygt eit folkemuseum for Nord
fjord. I Gloppen var ogso museumstanken uppe, og ei nemnd der hadde
alt teke på med arbeidet for eit folkemuseum, men serleg for Gloppen.
Årsmøtet i Stryn valde ei nemnd som skulde søkja samarbeid med muse
umsnemndi i Gloppen på det grunnlag at ein skulde skipa eit Nordfjords
sogelag, som skulde ha til fyrste og største uppgåve å reisa eit folkemuseum
for heile Nordfjord. Heradstyri i Nordfjord skulde peika ut plassen for
folkemuseet. På eit møte i Gloppen den 1 . okt. same året vart samarbeidet
vedteke. Det vilde ha staden for museet fastsett straks, og bad difor herad
styri um å avgjera dette spursmålet. Av dei 8 heradstyri røysta 4 for Nord
fjord og 4 for Gloppen. Under stemna for Firda ungdomslag i 1909 hadde
sogelaget årsmøte (ogso i Stryn), og vedtok at årsmøtet (i sogelaget) laut
velja millom dei 2 plassane heradstyri hadde peika ut. Med stort fleirtal
vart staden for museet fastsett til Gloppen (Sandane). Etter kvass strid vart
dette stadfest på årsmøtet i sogelaget i Maaløy i 1910. Nordfjords folke
museum er no kome godt på veg. Det hev havt rikstilskot i fleire år, og Firda
ungdomslag hev ytt pengar til det både i 1919 og 1920, 500 kr. kvar gong.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free