- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
28

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Innleiding - Amtsskulane vert sett i gang

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 28 —

sen (Trumsøy), Jaabæk, Nils Juel, Lindstøl,
Haugland\ Jørgen Olaf sen, Baggerud,
lens-mann Havig, Sivert Nielsen o. fl. Fleire av
desse talarar tok ogso folkehøgskulen i
forsvar, og det er tydeleg aa merka, at dei ikkje
paa nokon maate ynskjer at amtsskulen skal
øydeleggja folkehøgskulen, eller i det heile
trur at dette vil verta fylgjen um
mindretals-standpunktet sigrar.

Johan Sverdrup heldt fleire foredrag, tok
folkehøgskulen i forsvar, og var samd med
Qvam og dei andre i mindretalet i at dei nye
skulane skulde liggja heilt under folkevalt
tilsyn. Han kunde likevel gaa med paa ; t kongen
skulde godkjenna planen, men fyrst etterat
han var vedteken av amlsformannskapet.
Sverdrup vilde gaa vidare enn mindretalet i eitt
stykke: Han vilde at amtsskulekommissionen
skulde ve/Ja lærarar, ikkje stiftsdirektionen.
Han sette fram forslag i samhøve med dette.
Provst P. Jensen sette fram eit forslag i
same leid som Sverdrups, men heldt paa at
amtsformannskapet berre skulde »erklære« seg
um planen.*)

O. Richter (seinare statsminister) og
bruks-eigar Sæhlie freista gaa millomvegen. Richter
sa i ordskiftet m. a.:

-Allermindst vil jeg kunne deltage i den strenge
dom som man har hørt udtale fra deres side, der har
ytret sig imod folkehoiskolerne. – — — Man maa i
virkeligheden vise de mænd tak som med overordentlig
energi, varm kjærlighed til folkeoplysningen og i enkelte
tilfælder med store pekuniære opofrelser have stræbt
at lose en opgave og have virket for en sag som
staten altfor længe har forsømt* (St. Tid. 1S75 s. 280)

Richter sette fram eit forslag som gjekk
i same leid som fleirtalsinnstillingi — men
med den skilnad, at tilsynet med amtsskulen
skulde vera hjaa skuledirektøren og »indtil
fire av amtsformandskabet valgte mænd, hvoraf
en maa befinde sig i geistlig embedsstilling«.
Subsidiært fyreslo han tilsynet ordna som
etter mindretalsforslaget.

*) Mindretalet og provst Jensen endra under
ordskiftet sine forslag soleis at det skulde staa skolemad
istadenfor »amtsskolekommission .

Jaabæk sette fram eit tilleggsforslag til
mindre-talsinnstillingi, soleis at det med reine ord vart
sagt at ogso dissentarar kunde verta upptekne paa
amtsskulane, og at ogso eldre ungdom kunde vera
elevar.

Endeleg sette brukseigar Sæhlie fram eit
millomforslag soleis:

Til amtsskoler 6000 spd. paa betingelse

a. At skolens og undervisningens ordning og plan
approberes af kongen eller den han dertil
bemyndiger.

b. At skolen bestyres af en kommission bestaaende
af skoledirektøren og saamange af
amtsformandskabet i eller udenfor dets midte udnævnte mænd
som det bestemmer, hvilken kommission tillige har
at afgive indstilling ved læreres ansættelse.

Ved avroystingi fall fyrst
fleirtalsinnstillingi med 68 mot 40 røyster, dinæst baae
Richters forslag mot 29 og 38 røyster
Dinæst vart Sæhlies forslag vedteke med 58 mot
50 royster.

Millom dei 50 var Joh. Sverdrup, Danielsen,
Tonning, Haugland, Skaar, Sparre, Juel, Veseth,
Taraidsen, Baggerud, Flor, Jaabæk, Braadland, Liestø , Lindstøl,
Stoltenberg, Sivert Nielsen, Havig, M. Aarflot, Olafsen, O.
Nilssen, W. S. Dahl, Kolbenstvedt, Eskeland, G. O.
Ueland, P. Jensen, Welde, Qvam, Sæther og D.
Iversen. Dei 5S var hogre, og dertil nokre som den
gongen stod millom baae parti, men for det meste sidan
gjekk over til hogre/)

Amtsskulane vert sett i gang.

Sumaren 1875 vart no mange
amtssku-lar uppretta utover landet, oftast med berre
ein lærar (soleis som tanken fraa fyrst av
hadde vore), og etter den plan som
departementet hadde utarbeidt og kongen godkjent.
Skulane kom i regelen i gang straks etter
ny-aar 1876. Det synte seg snart at kravet um
amtsskular var so sterkt at dei 6000 spd. som
stortinget i 1875 hadde gjeve, ikkje paa
nokon maate rakk til, Amtsformannskapet i
Nordre Bergenhus forde ogso upp 400 spd.
i stats- og amtstilskot til Jakob Sverdrups
fol-kehogskule i Sogndal. Dei andre
folkehog-skulane kom ikkje med.

I 1876 fyreslo difor kyrkjedepartementet
(chef R. T. Nissen) aa auka sumen til skulane
til 22000 spd. — paa same Vilkaar som
stortinget i 1875 hadde vedteke. Av dei 22000
spd. gjorde departementet rekning paa 600
spd. til private skular i Hamar stift, 400 spd.
til Sogndals folkehøgskule og 1200 spd. til

*) Eit forslag av sokneprest Alstrup, Snaasen, vedteke
av O. S. Welde, um 20000 spd. til oprettelse af
folkeskoler (hogare folkeskular) i kvart prestegjeld
vart samroystes forkasta.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free