- Project Runeberg -  Forteljingar /
6

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

6 VETLE VISLIE

at det vesle han fekk inn ikkje var verdt heimkøyrsla
des meir.

So var det ein haustkveld same aare — aa, kor
vel han mintest det — han kom ifraa landhandlaren
og gjekk aaleine yver bøarne — at vondemannen
fekk yvertake. Det var stomende myrkt, og stilt som
i kyrkja — berre susen fraa elvi, som gjekk like ved.
Han turyte ikkje leita lenge etter deildi; han hadde
fulla vore der so mang ein gong. Det var ein lang
flat stein, som var graven ned i jordi med den eine
enden, og so var der sett nokre firkanta steinar
ikring . . . han saag dei ikkje; men han visste so
kavende vel, korleis dei saag ut. Daa han skulde
rykkja steinen upp, kom han i hug ei fæl rispa han
hadde høyrt av far sin. Det var um ein bonde, som
vart vitskræmd, ein gong han skulde flytja ei deild.
Ein kaldsleg fæl mann stod framfyre honom, med
svart andlit og logande augo. Armarne var lange
og smale som konnstaurar, og loden var han yver
heile skrotten som eit dyr, og klør hadde han som
ein bjønn. Rundt live hans laag det trollkattar, som
glodde fælt med gloande augo, og ut av kjeften deira
fræste det med gneistar som or ein smidje-avl. Det
var gasten, sa folk, han som fer ikring i skog og
fjell og passar paa at ingen fær flytja deilder. Og
hender det, so læt han so avskræmeleg, at den mest

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free