- Project Runeberg -  Forteljingar /
7

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

GASTEN Få

urædde kan missa vite. — Mannen stakar, han
hadde sleppt deildi, vart det fortalt, og för heim att,
so rædd at han var fraa seg i fleire dagar. Det gruste
i gamle Hermod, der han laag, naar han kom i hug
denne fæle rispa og den kvelden. Ikkje hadde han vore
rædd nettupp ... han hadde stirt skarpt gjenom
skoddi, som steig upp or vatne og drog seg uppyver
elvedrage; men ingi gloande augo hadde der vore, og
ikkje høyrde han so mykje som ein liten laatt uppi
fjelle. Gasten var daud, som alt anna skrymt. Og
so hadde han rive upp deildi og nøytt seg utyver
med henne. Han torde ikkje gaa so langt — berre
nokre mælestenger, for folk kunde gaa aat... SO
burt i eit granholt, der det ikkje fanst gras, og bora
deildi nedi . .. bar so dei andre steinarne burt og
la dei ikring, so varsamt som han kunde. Han fekk
gjera det betre ein annan gong. Daa han reiste seg,
tyktest han skilleg han høyrde det huja like ud med
osen. Det gjekk kaldt igjenom honom; men so
mintest han, at lomen skreik so titt utmed vatne
. mot uver; berre lomen . .. kanskje ...

— Aa ja, ja, san! sukka han høgt, og snudde
seg i sengi.

— Er det noko du vil, Hermod?

— Nei, ingen ting.

Gaa aat, merka seg eitkvart.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free