- Project Runeberg -  Forteljingar /
29

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

PAA VILLSTRAA 29

djåfla i mig, et englelifl» — Soleis maatte ein vera
laga, um ein skulde hava det rektig morosamt! Og
kanskje det i grunnen ikkje var moro det helder?

Sidan hadde ho gjenge og spurt seg sjølv: Er
det kje meir? Er moro so lite morosam, — ja, so
er det best aa halda seg heime, so hev ein ingenting
aa trega paa.

Medan ho hadde sete der, var faren komen.

— Ja, no er eg ferdug, Aslaug, sa han, og moroi
lyt vera slut for denne gongen.

Ho reiste paa seg og byrja alt aa knyta paa
seg utanpaaplagge; men gutarne vilde ikkje sleppa
henne endaa. Dei baud Berdølen setja seg og faa
seg eit glas øl med dei; men han svara tvert nei,
og sa, at dersom Aslaug vilde hava fylgje med honom,
laut ho møta burtmed handelsbudi um eit kortér, —
der hadde han hesten og kjerra standande.

Men daa han vel var gjengen, saag det mest ut
til at det skulde verta moro av likevel. Dei fekk tak
i ein spelemann og tok til aa dansa. Tidi gjekk
utruleg fort; daa ho sansa seg og saag paa klokka,
var det mest ein time sidan faren var gjengen. Ho
løynde seg ifraa dei, utan aa bjoda farvel, og skunda
seg burt aat budi; men daa var alt faren køyrt.

So hadde ho daa vaaga seg paa beinvegen, um
ho kanskje kunde raaka honom.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free