- Project Runeberg -  Forteljingar /
30

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30 VETLE VISLIE

Skogen tok no til aa tjukna; det var ikkje lenger
bjørk og osp som stod og briska seg med sine
blikrande lauv, skiftande i alle liter; det var gran
og furuskog som møtte ein, kvar ein saag. Myrk
og sorgfull stod han der i haustkvelden, og paa baae
sidor av dalen steig fjellet høgt upp og stengde for
meir en halve himmelen. Det hadde no og vorte
so myrkt, at ho totte det var heilt uhuglegt . .. ho
stana og lydde. Stilt var det, berre vinden som susa
uppi lidi, og bekkjen som susla og song like inn
med vegen. Kva var det so ho var rædd? Troll og
tussar trudde ho ikkje paa, og skrymt skulde ein
helder ikkje ottast, naar ein ikkje hadde gjort nokon
noko vondt. Men bjønnen för og luska i Skome-
dalsskogen, fortalde folk; nyst hadde han vore innum
ein støyl ikkje langt burte og slege i hel ei kviga.

Hu, — var det kje plent som ein trødde i ein
kvistevase? — Ho stanar og lyer med bankande hjarta
++ + daa høyrer ho skilleg stig etter seg . . det var ljod
av hæljarn mot stein. Gud vere lov, at det var folk!

Men ho vilde no likevel gjerne vita kven det
var, fyrr ho slog fylgje, og difor smøygde ho seg
under ei tjukk gran, so nær vegen at ho kunde
skila ein kar som kom hæmande etter henne. Han
var nok ikkje rett fastande, for han datt i koll og
reis upp att rett som det var, og daa var det kje fritt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free