- Project Runeberg -  Forteljingar /
42

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42 VETLE VISLIE

Men so var det ein dag han var med og fløytte
timber langt uppe i Heldals-skogen. Han skulde
løysa ein timbervase... ein stokk reiv honom med
seg ned yver mot eit fossestup. Daa lova han med
seg sjølv, at dersom Gud vilde hjelpa honom, skulde
han umvenda seg og liva eit nytt liv. Han vart
frelst, og fraa den dagen var han som eit anna
menneskje.

Det som fall honom tyngst, var aa slutta med
fela. Han tenkte paa henne natt og dag. Sette seg
fyre aa brenna upp avguden; men naar det kom til
stykke, hadde han ikkje hjarta til det, og so la han
henne til slut ned i ei gamal kista han hadde
standande i lofte. Tankarne drog og drøymde; men
fela laag i fred eit heilt aar.

So kom det ein preikar til gards. Han hadde
lagt merke til, at Guds folk i Heldalen song so lite.
Soleis skulde det ingenlunde vera, meinte den Guds
mann. Herren i himmelen lika vel musik og song.
Den vonde aandi veik fraa Saul, naar David leika
paa horpa, og ei god aand kom yver honom i
staden, og den heilage apostelen Paulus talde Guds
folk til aa syngja aandelege visor for kvarandre.
Underlegt var det og, meinte preikaren, at so lenge
menneski tente Satan, var dei so viljuge til aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free