- Project Runeberg -  Forteljingar /
81

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KJEMPETO 81

Knut kunde ikkje lika dette. Han laut daa lata
seg lita med aa dragast med dei andre gutungarne,
og daa han var baade spræk og sterk, var det berre
Steinar som kunde taka honom. Paa skulen hadde
dei tvo halde i hop mot alle dei andre. Dei sette seg
jamnast upp i dragsmaal mot heile flokken, baade
gutar og gjentor, og ingen kunde segja, at dei tapte,
for um dei hadde sume ovanpaa seg, var det endaa
fleire som laag under. Men vart ein av dei uvener
med ein einskild av dei andre, torde han aldri vona
hjelp av broren, — han saag berre etter, at ingen
brukte knep elder fantestykke.

Brørne hadde mest jamt vore gode vener heime
og; men denne sumaren hadde dei ein flaakjeft til
slaattekar, som heitte Torgrim Kjeftausa. Knut hadde
no fenge den stygge mistanken i seg, at Steinar
i dag vilde syna Torgrim, at han var yvermannen,
— han visste vel, at Kjeftausa vilde breia det ut
yver bygdi. Men no hadde han svore paa, at han
ikkje vilde tapa, — fyrr skulde armarne gaa av.
Han beit tennerne i hop og hogg til, so det gjorde
vondt i herdarne. Men stykke millom honom og
broren vart likevel lenger og lenger. No var det
plent ein skaar — daa ropte faren, som slo uppaa
ækra saman med Torgrim, at dei skulde kvila i ykti.

6

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free