- Project Runeberg -  Forteljingar /
110

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

110 VETLE VISLIE

— Det maatte daa vera tviføtte revar, det. Elles
visste kanskje eg betre greia paa det en dei sjølve.

Eg vart fljugande sinna, og totte dette var so
stygt sagt, at eg ikkje kunde finna ord for det.
Men dei var tvo, og eg berre ein . . . eg gjekk ifraa
dei og inn att. Eg kom til aa tenkja paa, at det
kanskje var berre gap; men nokre dagar etter fekk
eg høyra, at dei hadde vore paa grannegarden og
klunka paa det same der. Eg svor med meg sjølv,
at eg aldri vilde vera ihop med sovore skarvepakk
meir, stengde meg inne med bøkerne mine og let
dei røa; men harm var eg, og hata gjorde eg meir
en eg hadde godt av. Eg fekk mange sneiord for
det baade her og der; men eg vona jamt, at folk til
slut vilde sjaa, at dei hadde gjort meg urett. Skule-
læraren fekk tak i rygte paa ein elder annan maate,
og fraa den tidi fekk eg aldri betre en 3 for «for-
hold».

Den venaste gjenta i skulen var den gongen
Ingebjørg Norbø. Ho snudde seg so titt paa benken
sin og saag paa os gutarne; men eg kunde aldri
rett verta klok paa, um det var meg elder Torgrim
ho saag paa. Eg tenkte svært mykje paa henne i
den tidi; men eg hadde sett meg fyre, at eg ingen
ting vilde gjeta, fyrr eg hadde vorte noko.

Me gjekk og las saman, Torgrim og eg. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free