- Project Runeberg -  Forteljingar /
111

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TORGRIM OG EG 111

hadde lese lite i det siste aare, og difor var eg so
viss paa, at eg var flinkare; men den dagen me
skulde uttakast og presten faa sit offer, var eg so
uheppen aa gløyma beda far etter pengar. Eg hadde
eit par mark sjølv i smaaskillingar; eg gav presten
ein neve full av koparpengar ... eg vyrde honom
ikkje meir en so, for det var den dovnaste prest eg
hev set; men han gløyrde stygt paa meg, og sette
meg som nr. 2 paa kyrkjegolve; Torgrim var nr. 1.
Eg totte dette var so tregalegt som det kunde vera,
og eg gjekk hugsjuk i lange tider etterpaa.

Nokre vikor etter daapsfeste møtte eg henne
Ingebjørg paa vegen. Ho var so ljos og fager, so
hugmild og varm, at det gjorde meg godt i lange
tider. Me rødde um mangt og mykje, og millom
anna sa ho, at alle folk i bygdi totte det var so
underlegt, at Torgrim Midbø var nr. 1 paa kyrkje-
golve og ikkje eg.

Eit aars tid etter reiste eg paa skulen. Eg fekk
daa høyra, at ho flaug med i dansar og drykkjelag,
og at det ikkje var fritt for ho flogsa med gutarne.
Serleg hekk nok han Torgrim Midbø etter henne,
og sume meinte at ho tok mot honom og. Eg
tenkte daa, at ho hadde vore gjenomfalsk, og freista
slaa henne or tankarne. Eg fekk andre hugmaal,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free