- Project Runeberg -  Forteljingar /
124

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124 VETLE VISLIE

Ho aat og drakk og gav seg gode stunder. Rødde
um kor glad ho i grunnen var, at mannen hennar
no var vel gøymd hjaa Gud og fri all sorg og pina.
Men eg kunde ikkje merka, at ho sytte honom
vidare.

Medan ho mor sveiv ut eit lite bil, kom eg til
aa sjaa paa han vesle Torgrim.

— Han er eit aar i dag, sa ho.

Gutungen log blid til meg, rette ut armarne,
sparka og spente og ropte papa.

Me drog paa smilen baae.

Men so med ein gong vart ho so aalvorleg; ho
snudde seg ifraa, og eg saag kor ho stridde med
taarorne.

Ho mor kom inn att, tok av borde og gjekk
burt i eldhuse. Ingebjørg reiste seg, tok meg i handi
og takka; men ikkje eit ord um kista. So gjekk ho.

Eg vart sitjande ein augneblink. Eg kjende det
plent som var det noko frose i meg som byrja tina.
Der var saar sorg i det, men samstundes kjendest
det so godt, so mildt og varmt. Ho Ingebjørg, stakar,
som ein gong hadde vore so ven og vonfull, ho
hadde fenge berre sut og sorg .+.

Denne tanken gjorde meg so mjuk. Eg gjekk
etter henne ut paa tune, og sa det var sjølvsagt, at
eg skulde gjera kista til Torgrim. Ho kunde berre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free