- Project Runeberg -  Forteljingar /
125

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TORGRIM OG EG 125

segja til; naar ho gjekk, kunde eg fylgja med, so eg
kunde faa maal.

Eg stræva med kista baade den dagen og
dagen etter. Men det vart ikkje slutt med det. Daa
han skulde klædast, maatte han faa ei av mine
skjortor, og eg maatte lata henne bera upp paa
krambui paa mi rekning det ho turvte til likferdi.
For Torgrim maatte til jordi, det kunde ikkje drygjast,
daa det var midt i sterkaste sumarvarmen.

Til likferdi var mange bedne; men berre mor
og eg og nokre av dei nærast buande kom. Det
var mest husmansfolk og gamle kjeringar, so ho
skulde nok ikkje verta feit av sendingsmaten som
kom den gongen, ho Ingebjørg.

Eg maatte lata til hesten min, daa like skulde
aat kyrkja, og eg laut jamvel vera med og kasta upp
gravi. Det vart kokande varmt den dagen, so sveiten
sila av meg; men kva skulde eg vel gjera? Der var
ikkje arbeidsfolk aa faa som dugde noko, og ikkje
let det seg gjera aa venta til folk kom or heiarne.

Ein gamal husmann styrde klokkorne. Han
hadde aldri ringt i sine dagar, so det vart ein for-
underleg laat kyrkjeklokkorne let den dagen. Men
det var dei som meinte, at det høvde godt aat han

Torgrim.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free