- Project Runeberg -  Forteljingar /
126

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126 VETLE VISLIE

Daa kista var nedhavd, og me hadde kasta moldi
paa att og sunge ein salme, la me os paa kne fram-
fyre gravi, og eg bad høgt ei stutt bøn. Men ikkje
daa ein gong kunde eg plent lata vera aa tenkja paa
alt det vonde han Torgrim hadde gjort meg; men
det kjendest ikkje so ilt, kvar gong det skaut upp i
meg, og so kom det liksom so langt burt, og vart
so ørende lite mot alt det andre eg hadde livt og lie,
og Torgrim kom til aa staa for meg soleis som han
var dei siste dagarne han livde.

Soleis hadde daa Gud døyvt den gamle Adam i
meg og gjort den harde hugen min mjuk. Og etter-
paa gjorde han meg meir og meir sæl. Det var som
vart eg løyst or eit myrkt fengsel og slapp ut i dagen
til sol og varme. Og alle dei vonde tvil og stygge
tankar um Gud som hadde vakna i meg, dauda att
av seg sjølv.

— Men um Ingebjørg hev eg berre dette aa
fortelja, at ho vart gangande paa klokkargarden baade
tidleg og seint, og alltid var ho velkomi. Same
sumaren vart eg i beit for breidslegjenta, — du veit
kor umoglegt det er aa faa tenestfolk no — og daa
hjelpte ho os mest kvar dagen baade med høying
og anna, og hæv var ho. Godt ver var det mest
jamt den sumaren, og utruleg lett gjekk alt saman.

Friskare og raudare vart hennar kinn, og glad og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free