- Project Runeberg -  Forteljingar /
146

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

146 VETLE VISLIE

under take, med sofaer og store speglar, der ein
kunde sjaa seg sjølv fraa hovud til fot.

Vetren gjekk i lyst og leik. Korkje dei gamle
elder dei unge sparde paa pengarne, naar det galdt
aa Ssyna seg fram; men som alle andre klaga dei
seint og tidlig yver dei daarlege tider.

Dei gav lag og vart bodne til lag, der dei aat
og drakk plent som dei hadde fyreloga. Og gleda
treivst godt, og drykk og annan raaskap endaa
hetere . >

I fyrstningi totte Sigri det var gildt aa fara
soleis fraa gjestebod til gjestebod. Men snart gav
det usmak i munnen. Ho vart sjuk og tok til aa
sjaa ansleis paa det liv ho var komi upp i, og ho
kjende seg mindre og mindre heime. Daa det leid
ut paa vetren, gjekk ho ikring som ein skugge,
fredlaus og misnøgd med alt. Det var henne som
hadde ho mist si gode fylgja, daa ho flutte fraa
barneheimen, elder som einkvar hadde narra henne
og teke hennar hjartefred. Ho hade selt seg til all
denne herlegdomen, ikkje gift seg av elsk, og all
denne glansen var falsk; utan innhald var dette so
rike liv, tomt, tomt.

Og ein dag ramla kanskje all herlegdomen paa
Storevik som alle andre stader! Baade dei gamle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free