- Project Runeberg -  Forteljingar /
147

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HAMSTOLI 147

og han Nils kjende grunnen svikta, og freista daa
aa spara i smaating og taka att tapi paa dei arme
husmennerne sine. Det var mest vondt aa sjaa paa,
kva dei maatte eta.

Ho kjende seg til sides sett og vanvyrd mest
kvar dagen. Ingen ting kunde ho gjera til lags; ikkje
ein gong tala kunde ho, so dei var fornøgde, — all-
støtt skulde dei herma og læ aat detta rare fjell-
maale. Ho vart saarare og saarare, drog seg meir
og meir inn i seg sjølv. Sat og stirde tomt framfyre
seg all dagen og gruva seg for natti. Naar so ver-
mori tok til aa stikla paa henne, at ho ingen ting
gjorde og øydelagde mannen sin og vanagta huse,
so kunde ho gaa i fjose elder ut paa marki, plent
paa trass, og gjeva seg til aa stuvarbeida saman med
tenestfolki. Ho vilde ikkje og kunde ikkje «styra»,
ho var vand til aa greia alt sjølv, og totte reint
det var ein hugnad aa taka dugeleg i, og so kjenna
Seg trøytt etterpaa. Men dette og var gale. Nils
henta henne inn att, og spurde henne um ho vilde
staa der til bisn og «spétakkel» for heile bygdi. Enno
skulde daa — her kom ein diger eid — ikkje kona
hans vera tenestgjente.

Der var ei boksamling i bygdi, og daa det leid
ut paa vetren, tok ho til aa laana bøker. Ho las
alt ho kunde faa tak i, men mest bøker av dei yngste,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free