Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
28
domarane skulde gjera han umyndug, slik ein gjer
med folk som gjeng i barndømet; me hev elles
same rettsskikken her hjå oss, veit me, med di folk
som vanstjornar hus og heim, vert umynduggjorde.
Her i retten, vert det sagt, las den gamle mannen
upp for domarane av eit syrgjespel han stod med i
handi, og som han nett hadde skrive, — «Oidipus
i Kolonos>» heitte det; og etterpå spurde han um
det høyrdest ut til å vera skrive av ein som gjekk
i barndømet. Hev alderdomen meinka han i ar-
beidet, — eller Homer, Hesiod, Simonides, Ste-
sichorus, eller dei eg fyrr hev nemnt, Isokrates og
Gorgias? Eller dei førande filosofane, — Pytago-
ras, Demokrit, Platon, Xenokrates, eller av dei
yngre — Zenon, Kleantes, eller han som de og
hev set her i Rom, stoikaren Diogenes? Hev alder-
domen vore til mein for dei? Hev dei ikkje tvert-
um vore i verksemd livet ut?
No, — eg skal sjå burt ifrå desse guddomlege
syslone og i staden nemna dei romerske bøndene
i sabinar-landet, grannane og venene mine. Gamle
som dei er, er dei likevel so ihuga med i alt arbeid,
at der mest aldri vert gjort noko større utan at
dei er med, anten det no er i vårvinna eller i haust-
onni. Det er fulla ikkje so mykje å undra seg
yver, dette, for dei fær då sjølve utbyte av strevet
sitt; der er ingen so gamal, må vita, at han ikkje
trur han skal leva eitt år til. Men det som er det
store, er at dei ogso onnar med sovore som dei
veit dei ikkje fær nokon bate av sjølve.
Stoikaren Diogenes vitja Rom år 155.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>